Nærbilete av ein dråpe som heng på og er i ferd med å renna ned frå eit blad.
Nærbilete av ein dråpe som heng på og er i ferd med å renna ned frå eit blad.

Foto: Asbjørn Ness/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Protesterer mot flytting av vassforvaltningsarbeidet

Regjeringa vil flytte ansvaret for arbeidet med vassforskrifta frå fylkeskommunane til statleg nivå. Dette vil svekker det lokale sjølvstyret og engasjementet for vassmiljøet, meiner fylkesordføraren.

Det er Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet som no føreslår betydelege endringar i organiseringa av arbeidet med vassforskrifta.

Svekker lokalpolitisk engasjement

– Om dette blir vedteke, mistar vi fart i arbeidet med å få til miljøutbetringar i vatna og vassdraga våre. Dagens organisering har vært nybrottsarbeid og har sikra god politisk forankring, engasjerte lokalsamfunn og aktiv deltaking frå alle berørte parter. Det er den beste og mest berekraftige måten å sikre god økologisk tilstand i vassdraga våre, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Ho meiner vidare at forslaget flyttar arbeidet med vassforvaltning frå lokale og regionale demokratiske arenaer til statlege kontor.

Internasjonal anerkjenning

Noreg er i dag delt inn i elleve vassregionar, og Sogn og Fjordane utgjer ein eigen vassregion. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for å forvalte vassregionane og koordinere samarbeidet mellom alle som brukar og påverkar vatnet. Det omfattar alle nivå av styresmakter, kommunar, verksemder, interesseorganisasjonar, utdanningsinstitusjonar, forskarar og næringsliv.

– Noreg har fått internasjonal anerkjenning for korleis vi har organisert arbeidet med vassdirektivet. Vi må difor halde fram det gode arbeidet som er gjort lokalt og regionalt, slår fylkesordføraren fast.

Protestskriv frå vassregionane

Dei elleve vassregionane har gått saman og sendt eit protestskriv til Klima- og miljødepartementet. Dei hadde også møte med departementet om saka 19. oktober.

Vassregionane meiner dei føreslåtte endringane svekker lokal areal- og ressursforvaltning fordi nasjonale styresmakter ikkje har lokal eller regional kompetanse til å sjå det samla behovet i samfunnet. Fylkesordføraren meiner endringane ikkje er i tråd med intensjonane i regionreforma.

– Regjeringa har eit mål om å styrke det lokale sjølvstyret. Då er dette eit steg i feil retning, seier Følling.

Les heile protestskrivet om endringar i vassforvaltninga her.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Anders Ryssdal
leiar, vassregionutvalet for Sogn og Fjordane
anders.ryssdal@sfj.no
977 06 880

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00