Prosjektleiaren ønskjer velkommen

Velkommen til den nye heimesida for ehandel!

Vi håpar at denne sida kan vere til hjelp for alle som er med i ehandelsprosjektet, både kommuneleiarar, brukarar og leverandørar. Her vil vi samle informasjon om ehandel og om prosjektet, dokument som vi nyttar i førebuinga og referat frå møter. Her vil vi og etter kvart samle statistikk over bruken av ehandel i kommunane, og kanskje blir det og etter kvart ein konkurranse!

Vi oppmodar alle som er interessert i arbeidet om å bruke sida som møtepunkt, og gi oss tips til korleis sida kan bli betre.

Styringsgruppa har no hatt sitt første møte, og vi er klare for å byrje den tekniske jobben med alle kommunane som har Visma som rekneskapsystem, det vil seie Nordfjordkommunane, Flora kommune, kommunane i indre Sogn og fylkeskommunen.

Med helsing
Katrine Røkke Wilson
Prosjektleiar ehandel

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut