uxd 4v 7uzuj
uxd 4v 7uzuj

Programmet er klart

No kan du sjå alle dei ulike produksjonane som skal ut på turné til skulane i fylket neste skuleår. Den kulturelle skulesekken (DKS) sin digitale katalog har informasjon om alle tilboda kommande skuleår, og du kan ta ein kikk på den allereie no.

Katalogen omtalar alle tilboda som skal ut på turné, kva alderssteg dei er for og kva kommune dei skal turnere i.  Sida med oversikt over heile tilbodet ligg også ved som eiga fil  som kan skrivast ut om ein ynskjer det.

Tilbodet skuleåret 2015/2016

Den kulturelle skulesekken skal sikre mangfald av kunst- og kulturopplevingar for elevane. Også neste skuleår er tilbodet sett saman av ulike kunst- og kulturutrykk, og har eit stort tematisk spenn frå Nasjonalmuseet si utstilling «Byplansjefane» som skal til skular i Sunnfjord, prisløna italiensk teater med Teatrodistinto for 1. - 7. klasse i Nordfjord og konsertar over heile fylket. Det vert også forfattarbesøk frå mellom anna Svein Sæter, som besøkjer både ungdomsskule og dei vidaregåande skulane for å fortelje om motstandsmannen og ekspedisjonsdeltakaren Knut Haugland.

Elevane i ungdomsskulen i Sunnfjord får også sjå mellom anna Thea Hjelmeland og Kyrre Eikås Ottersen i "Så vakker du er" frå Sogn og Fjordane teater (SoFt). Teaterstykket er basert på forfattar Brynjulf Jung Tjønn sin brageprisvinnande ungdomsroman med same namn. Elevane i den vidaregåande skulen skal også få sjå sterke og viktige filmar det kommande skuleåret. Filmen "Drone" tek oss med på innsida av CIA sin hemmelege dronekrig, med dronar styrt frå bunkersar i California, med unge menn bak spakane. Elevane får også sjå "Metropolis", ein historisk stumfilm akkompagnert av live musikk som speglar filmen sin science-fiction sjanger i våre eiga tid.

Tilbod også i vg1 frå hausten

Frå skuleåret 2015-2016 får også elevar ved vg1 tilbod frå DKS. Dermed vil alle elevar i fylket frå 1. steg i grunnskulen til siste år på vidaregåande få årlege møte med profesjonell kunst og kultur gjennom DKS.

Vi håpar tilboda frå DKS det komande skuleåret vil vere eit godt supplement til elevane si oppleving av kunst og kultur i skulen, og ynskjer alle elevane i Sogn og Fjordane riktig god fornøyelse.

Om Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken (DKS) skal leggje til rette for at born og unge får tilgang til, kan gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag. DKS skal medverke til at kunstnarlege og kulturelle uttrykk vert ein del av skulekvardagen og kan verte brukt som for å nå skulen sine læringsmål. Det er kulturavdelinga i fylkeskommunen som administrerer ordninga her i fylket. Kvart år sender DKS Sogn og Fjordane ut om lag 30 produksjonar på turné til skulane i fylket, innan sjangrane scenekunst, musikk, visuell kunst og litteratur.

Kontaktperson

Øyvind Sunde Høstaker
Koordinator for Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane
Kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
E- post: Oyvind.Hostaker@sfj.no
Tlf: 952 22 168

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00