Prisdryss til Westtip Supplies UB frå Eid vidaregåande skule

Ungdomsbedrifta reiste heim frå NM for ungdomsbedrifter med heile seks prisar – fem av dei førsteprisar.

Dei seks karane hausta mange lovord frå dei ulike juryane, og då det var tid for å gjere opp status, såg lista over prisar slik ut:

  • 2. plass – Beste ungdomsbedrift 2015
  • 1. plass – Shells innovasjonspris
  • 1. plass – Beste yrkesfaglege bedrift
  • 1. plass – Beste utstilling
  • 1. plass – Ferdprisen for størst verdiskapingspotensial
  • 1. plass – beste seljar, Sindre Storøy Kolseth

Stort verdiskapingspotensial

Produktet til Westtip Supplies UB er ein silekasse der dei på ein nyskapande måte kan sortere ut død fisk frå oppdrettsanlegg. Blant juryane under NM var det liten tvil om verdiskapingspotensialet til bedrifta. Dei imponerte ved at dei kunne vise til gode marknadsundersøkingar, sal av produktet og eigne erfaringar frå bransjen.

Dagleg leiar i Westtip Supplies, Sindre Storøy Kolseth, var særleg nøgd med at bedrifta sikra seg innovasjonsprisen til Shell.

– Dette er ein veldig viktig pris for framtida, og ein av dei prisane vi verkeleg håpte å vinne. Vi visste at produktet vårt var godt, men då vi såg alle dei andre gode bedriftene vart vi veldig glade for å nå dette målet. No er det oppstart av AS som gjeld, slår han fast.

Frå kapitalisme til talentisme

Holger Aasen er dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane og let seg også imponere av ungdomsbedrifta frå Eid vidaregåande skule. Han meiner fleire må få sjansen til å drive ungdomsbedrift – til å få entreprenørskap inn med morsmjølka.

– Vi veit ikkje kva vi skal leve av i framtida, men vi veit kven vi skal leve av. Elevane som driv ungdomsbedrift får ei unik erfaring som dei sjølve, deira framtidige arbeidsplassar og ikkje minst Noreg vil nyte godt av. Fleire unge må få denne sjansen. Vi går frå kapitalisme til talentisme. Morgondagens talent må få med seg entreprenørskap, seier han.

NM i ungdomsbedrifter fann stad på Norges varemesse på Lillestrøm 29. og 30. april. Ungdomsbedrifta Safe Sound frå Årdal vidaregåande skule gjorde også ein god innsats og vart nummer to i klassen Beste yrkesfaglege bedrift.

Jurygrunngjevingane for alle prisane.

For meir informasjon

Sindre Storøy Kolseth
dagleg leiar, Westtip Supplies UB
sindre_kolseth@hotmail.com
971 88 912

Holger Aasen
dagleg leiar, Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane
958 17 898

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00