Foto frå utdelinga av europeiske kulturminneprisar i Finland i mai 2017. Ordførarane i Vang og Lærdal står saman med fylkesordførarane frå Sogn og Fjordane og Oppland og ein representant frå vegvesenet. Alle er festkledde, og fylkesordførar Jenny Følling står i midten og held prisen til Kongevegen over Filefjell.
Foto frå utdelinga av europeiske kulturminneprisar i Finland i mai 2017. Ordførarane i Vang og Lærdal står saman med fylkesordførarane frå Sogn og Fjordane og Oppland og ein representant frå vegvesenet. Alle er festkledde, og fylkesordførar Jenny Følling står i midten og held prisen til Kongevegen over Filefjell.

F.v. ordførar i Vang, Vidar Eltun, fylkesordførar i Oppland, Even Aleksander Hagen, fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, direktør i Statens vegvesen, Bjørne Grimsrud og ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Prisdryss over Kongevegen

Kongevegen over Filefjell fekk Grand Prix-prisen frå fagjuryen og andreplass i publikumsprisen under European Heritage Awards Ceremony i Finland 15. mai.

Det har tidlegare vore kjent at Kongevegen har fått EU sin kulturminnepris/Europa Nostra-prisen i kategorien bevaring. Men under prisutdelinga i Turku i Finland vart det klart at den nyrestaurerte ferdsleåra over Filefjell også stakk av med den endå meir prestisjetunge Grand Prix-prisen, som det følgjer 10 000 Euro med.

Audmjuke og stolte

At den nyrestaurerte ferdsleåra mellom Aust- og Vestlandet også vart stemt fram til andreplass i publikumskonkurransen, er ei stor anerkjenning.

– Det er kort og godt fantastisk at Kongevegen når opp i denne harde konkuransen. Vi er både audmjuke og stolte over utmerkingane, seier fylkesordførar Jenny Følling, som deltok på prisutdelinga.

Kulturarv som begeistrer

– Å vinne EU sin kulturminnepris er i seg sjølv ei stor bragd. Når vegen i tillegg får Grand Prix-prisen og kjem på andreplass i publikumsprisen, viser det at Kongevegen representerer kulturarv som begeistrer langt utover Norges grenser og konkurrerer i toppsjiktet blant europeiske kulturminne. Det er også ei stor anerkjenning av arbeidet som er lagt ned for å ta vare på og vise fram denne vegen, seier Følling.

Bjørne Grimsrud i Statens vegvesen tok imot prisane på vegne av Vegdirektøren. Seremonien fann stad i St. Michaels-katedralen i Turku i Finland, og presidenten i Europa Nostra, Placido Domingo, stod for overrekkinga.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Eva Moberg
fylkeskonservator
eva.moberg@sfj.no
905 91 452

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00