Foto som syner steinete sjøbotn.
Foto som syner steinete sjøbotn.

Foto: Liquid Art/Wikimedia Commons

Presenterer marine grunnkart

Fylkeskommunen har saman med ei rekke andre aktørar utarbeidd marine grunnkart for kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora. Karta og prosjektet vert presentert i Flora 1. mars.

Kartlegging av sjø og sjøbotn er viktig i arbeidet med berekraftig kystsoneplanlegging, forvaltning og verdiskaping.

Prosjektet med marine grunnkart starta i 2015. Når det no skal avsluttast, inviterer vi til eit sluttmøte i Flora samfunnshus torsdag 1. mars. Der vil du få høyre meir om dei marine grunnkarta, korleis vi kan nytte desse i vidare arbeid, og korleis vi kan tileigne oss meir kunnskap.

Her kan du melde deg på presentasjonen og sjå det fullstendige programmet.

Fristen for å melde seg på er 22. februar 2018.

​Prosjektet har vore finansiert av

  • Norges geologiske undersøkelser
  • dei fire kommunane
  • fylkeskommunen
  • Marine Harvest
  • Steinvik Fiskefarm
  • K. Strømmen lakseoppdrett
  • Marø havbruk
  • Karstensen Fiskeoppdrett
  • Svanøy Havbruk
  • Nordfjord Forsøksstasjon

Del dette: