Fylkeshuset på Leikanger nedanfrå og opp. Blå himmel i bakgrunnen.
Fylkeshuset på Leikanger nedanfrå og opp. Blå himmel i bakgrunnen.

Fylkeshuset på Leikanger. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Positivt rekneskapsresultat

God budsjettdisiplin og god økonomistyring gjev fylkeskommunen eit overskot på 42,2 mill. kr i 2014. Dette resultatet ligg på nivå med resultata dei siste fire åra.

2014-resultatet må sjåast i samanheng med at det nye inntektssystemet tek til å verke først frå 2015.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat vert ofte nytta som ein indikator på kor god økonomi ein kommune/fylkeskommune har. Det er tilrådd å ha eit netto driftsresultat i storleiksorden 3 prosent (av samla driftsinntekter). Vår fylkeskommune har dei seinare åra hatt eit netto driftsresultat på i storleiksorden 12-13 prosent.

Ved framlegginga av nytt inntektssystem i 2014 vart det frå sentralt hald vist til det gode netto driftsresultatet til Sogn og Fjordane fylkeskommune i perioden 2010-13, og det vart ut frå dette hevda at fylkeskommunen vår ville tole eit klårt lægre inntektsnivå. Fylkesrådmannen uttrykte då at netto driftsresultat er eit dårleg uttrykk for den økonomiske stoda. Dette ser vi tydeleg i rekneskapen for 2014 som viser eit netto driftsresultat på 65 mill. kr, eller 2,3 prosent. Dette er ein nedgang på heile 329 mill. kr frå 2013, då vi hadde eit netto driftsresultat på 13,2 prosent.

Den store endringa i netto driftsresultat kjem i hovudsak frå lægre overføringar av driftsmidlar til investeringar. Dette har igjen samanheng med ferdigstillinga av dei to store investeringsprosjekta, Bremangersambandet og Dalsfjordsambandet, i 2013.

Nytt inntektssystem

Nytt inntektssystem vert sett i verk først frå 2015, og har såleis ikkje noko med rekneskapen for 2014 å gjere. I 2015 vil vi heller ikkje få store utslag av det nye systemet fordi vi dette året får vi ein tapskompensasjon som nær veg opp førespegla reduksjon. Først frå 2016 vil fylkeskommunen sine inntektsrammer gå vesentleg ned, fram til dei i 2019 – ved full innføring av nytt system  – er redusert med heile 224,5 mill. kr årleg.

Budsjettstyring

I budsjettstyringa skil vi mellom to ulike budsjettløyvingar; anslagsløyvingar og ordinære løyvingar. Anslagsløyvingane er kjenneteikna av at dei er «ikkje styrbare». Dette betyr at sluttresultatet på postane er avhengig av faktorar som ligg utanfor fylkeskommunal kontroll. Ordinære løyvingar er styrbare løyvingar, der fylkeskommunen i stor grad skal ha kontroll på sluttresultatet.

Når det gjeld dei styrbare løyvingane, har fylkeskommunen som prinsipp at vi skal ha budsjettdekning for dei tenestene vi yter. Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin vert det difor ein konsekvens at ikkje alle budsjettpostar vert nytta fullt ut; ein styrer så nær opp til 100 prosent som råd. Dette gjev mindre innsparingar på ein god del styrbare postar. Dette er ein av hovudforklaringane til at vi kjem ut med ei netto innsparing på 42 mill. kr på sektornivå i 2014.

Fellesinntekter og -utgifter

Fellesinntektene og -utgiftene i fylkeskommunen er i stor grad «ikkje styrbare» løyvingar. Her har vi tidlegare hatt til dels store avvik på både skatt, lokale inntekter og pensjonsutgifter. Rekneskapen for 2014 viser nær i balanse på desse postane samla.

Sektornivået

Sektornivået i fylkeskommunen har samla brutto utgifter på vel 2,7 mrd. kr. Sektorane våre sett under eitt har såleis ei budsjettgjennomføring på nær 98,5 prosent.

Samferdslesektoren hadde eit samla netto mindreforbruk i 2014 på 8,6 mill. kr, dvs. omlag 1 prosent av den samla ramma på sektoren. Innsparingane kjem i hovudsak på kollektivsida, med eit mindreforbruk på 7,9 mill. kr på løyvinga til bilruter. Det er her registrert mindreforbruk i samband med skuleskyss, ungdomskort, ruteproduksjon og administrasjon. Resterande innsparing ligg til Trafikktryggingsutvalet.  

Opplæringssektoren hadde i 2014 eit samla netto mindreforbruk på om lag 22 mill. kr. Dei største postane med mindreforbruk er straumutgifter skulebygg på omlag 3 mill. kr, ufordelte midlar til utdanningsprogramma 5,5 mill. kr, tilpassa opplæring på 2,5 mill. kr og tilskot til lærebedrifter på 7,5 mill. kr.

Innsparinga på ufordelte midlar til utdanningsprogramma er i hovudsak knytt til midlar øyremerka tilbod om fagopplæring i skule og påbygg for elevar som har fullført fagbrev. Tilboda kom i gang seint på året og vart difor ikkje belasta budsjettet i 2014.

På bakgrunn av prognostisert auke i tilskot til lærebedrifter vart denne anslagsløyvinga auka i 2014. Trass i aktivt arbeid for å styrke fagopplæringa og auke gjennomføringa er det framleis mangel på læreplassar innan fleire fagområde. Tal inngåtte lærekontraktar vart difor lågare enn forventa. 

Dei vidaregåande skulane hadde ei samla innsparing på ordinær drift på om lag 6 mill. kr i høve budsjettløyvinga i 2014. Dei vidaregåande skulane har resultatoverføring og dette påverkar såleis ikkje det samla rekneskapsresultatet.

Samla har opplæringssektoren auka sitt utgiftsnivå med omlag 14 mill. kr frå 2013 til 2014. Dette utgjer ein auke på 1,7 prosent. Budsjett 2014 la opp til ein auke på 3,1 prosent. Dette betyr i praksis at opplæringssektoren har ein realnedgang i sitt utgiftsnivå på omlag 10 mill. kr frå året før.

Forvaltning står for netto 9,0 mill. kr av innsparinga. Dei største postane her er eit mindreforbruk på politisk styring på 1,9 mill. kr, meirinntekter/mindreforbruk på drift av stab, avdelingar og tenesteeiningar på 3,1 mill. kr, eit mindreforbruk på bygg- og eigedomsforvaltninga på 1,0 mill. kr og på administrasjonsbygningar på 0,9 mill. kr. På personalretta tiltak er det ei samla innsparing på 2,0 mill. kr knytt til bedriftshelsetenesta, tillitsvaldordninga og HMT-tiltak.

Dei andre sektorane har mindre avvik som i sum utgjer 2,3 mill. kr i netto innsparingar. Kultursektoren har eit meirforbruk på 0,3 mill. kr, plan og næring  eit mindreforbruk på 2,6 mill. kr, medan tannhelsetenesta har resultatføringsordning og får med resultatet sitt på 3,5 mill. kr  over til 2015.

Kontaktperson

Tore Eriksen
Fylkesrådmann
Tlf: 415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut