Populære traineestillingar

Førti personar har søkt på dei to stillingane som trainee i fylkeskommunen. Dette er andre året fylkeskommunen deltek i traineeordninga, og det er veldig positivt at stillingane er så populære.

- Vi har gode erfaringar med å vere med på traineeordninga til Framtidsfylket, og er særs godt nøgde med dei to traineeane som no arbeider ved Næringsavdelinga. Vi vil følgjeleg ta inn to nye traineear frå hausten av, og det er gledeleg å sjå at så mange kan tenke seg å vere trainee i fylkeskommunen, seier assisterande fylkesdirektør for næring, Endre Høgalmen.

- Tida mi til no som trainee i fylkeskommunen har vore svært lærerik, seier noverande trainee Bente Sønsthagen. – Eg har fått prøvd meg på eit stort omfang av arbeidsoppgåver innan fleire ulike fagfelt. I tillegg har fylkeskommunen vore flinke til å ta med oss traineear på mange spennande kurs og konferansar som me elles sannsynlegvis ikkje hadde hatt sjanse til å delteke på.

Den andre av årets traineear, Karoline Bjerkeset, er samd og trekk også fram fordelane med å vere ein del av eit traineeprogram. – Det å få god fagleg oppfølging frå arbeidsgjevar i tillegg til personleg oppfølging på traineesamlingane, er ein stor bonus ved det å vere trainee, seier Karoline.

Gjennom traineeperioden vert traineeane kjende med både Sogn og Fjordane og fylkeskommunen, og kjem i god kontakt med fylkeskommunen sine samarbeidspartnarar. Traineeprogrammet går frå august 2010 til august 2011.

Meir informasjon om Framtidsfylket og traineeprogrammet

Del dette:

Relaterte lenker