Foto: Bjørn Kvalheim
Foto: Bjørn Kvalheim

Foto: Bjørn Kvalheim

Populære marine ungdomsleirar

Også i år opplevde Sogn og Fjordane fylkeskommune at langt fleire 10. klassingar enn vi har plass til, søkte om å få delta på dei marine opplæringsleirane, såkalla jente- og guteleirar.

– 14 jenter og 30 gutar hadde innan fristen levert inn ein søknad der dei fortel kvifor dei er motiverte til å delta på eit slikt 5-dagars opplegg. Diverre har vi berre tolv plassar på kvar av leirane, slik at i år er det særleg mange gutar vi må skuffe seier marin fagkoordinator i fylkeskommunen, Lena Søderholm.

Fylkeskommunen har gjennom mange år finansiert leirane, medan det er opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag ved Bjørn Kvalheim som har ansvaret for planlegginga og den praktiske gjennomføringa av leirane.

På leiren vert deltakarane innlosjerte på Skulebas, fylkeskommunen sitt opplæringsfartøy tilknytt Måløy vidaregåande skule. Så ber det på tur langsetter kysten med vitjing av mellom 15 til 20 marine bedrifter. Bedriftene får høve til å synleggjere seg, gje elevane informasjon om alle dei spanande arbeidsplassane dei har å tilby og kva type kompetanse bedriftene ser føre seg at dei treng i dei næraste åra. I tillegg får elevane prøve seg på «mann over bord»-øving med Sjøredningskorpset i Måløy, og truleg vert det òg tid til eit kokkekurs.

Bjørn Kvalheim seier at dei møter berre godvilje frå bedriftene som skal ta imot gruppene med elevar. Og at dette, samt stor interesse frå ungdomane, gjev motivasjon til å halde fram å bruke tid på dette arbeidet.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00