Populær stand på karrieremessa i Sogndal

Til saman 450 studentar var innom karrieremessa på høgskulen i Sogndal 16. oktober. Det var stor pågang ved standen til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Studentane lurte blant anna på kva jobbar som finst for dei i fylkeskommunen.


– Det var veldig mange som kom rett bort til oss og hadde konkrete spørsmål om jobbmoglegheiter. Dei tykte det var interessant å høyre at fylkeskommunen har eit så breitt fagmiljø. Mange var også interesserte i å høyre om traineeordninga som vi er med i, seier Rosa Marie Skovli Øyrehagen, som jobbar med blant anna internasjonalt arbeid i fylkeskommunen.

Ho fortel vidare at mange på messa vart positivt overraska over at fylkeskommunen jobbar med ei rekkje regionale problemstillingar gjennom internasjonale organisasjonar.

Viktig rekrutteringsarbeid

Øyrehagen deltok på messa saman med Hanne Brekken Oppedal, som er trainee. Dei to kom meir eller mindre rett frå tur til Brussel med Vestlandsrådet til messa i Sogndal.

Karrieremessa var i det nye Høgskulebygget, og organisasjonar og verksemder frå heile fylket deltok. Fylkeskommunen har også delteke på karrieremesser i både Bergen og Oslo dei siste vekene. Dette er viktig for å formidle mangfaldet av arbeidsplassar i både fylkeskommunen og fylket som heilskap.

– Vi deltek på desse messene for å gjere både fylkeskommunen og Sogn og Fjordane meir synleg. Mange studentar vert positivt overraska over mangfaldet av karrierevegar vi har. Dette er viktig for framtidige jobbsøkarar, seier rådgjevar Jan Erik Weinbach, som koordinerer messene for fylkeskommunen.

Del dette:

Relaterte lenker