Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.
Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Politiske møte i veke 7

Det er møte i fylkesutvalet 12. februar, hovudutval for samferdsle og trafikktryggingsutvalet 13. februar og hovudutval for opplæring og partssamansett utval for samanslåingsarbeidet med Hordaland 15. februar.

Møte i fylkesutvalet 12. februar

Møtet vert på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa og startar kl. 09.00.

Saksliste for møtet i fylkesutvalet 12. februar.

Møte i hovudutval for samferdsle 13. februar

Møtet vert på Thon Hotel Jølster og startar kl. 10.00.

Saksliste for møtet i hovudutval for samferdsle 13. februar.

Møte i trafikktryggingsutvalet 13. februar

Møtet vert på Thon Hotel Jølster i samband med møtet i hovudutvalet for samferdsle.

Saksliste for møte i trafikktryggingsutvalet 13. februar.

Møte i hovudutval for opplæring 15. februar

Møtet vert på Eid vidaregåande skule og startar kl. 10.00.

Saksliste for møtet i hovudutval for opplæring 15. februar.

Møte i partssamansett utval 15. februar

Det partssamansette utvalet for samanslåinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland er sett saman av fire hovudtillitsvalde frå arbeidstakarsida og fem faste medlemar frå fellesnemnda.

Utvalet har fått i oppgåve å utforme eit utkast til omstillingsavtale som mellom anna avklarer rammene for korleis dei tilsette skal sikrast medverknad og involvering i samanslåingsprosessen. Utvalet legg omstillingsavtalen fram for fellesnemnda for endeleg godkjenning. Fellesnemnda vil – ved si godkjenning av avtalen – også vedta mandatet til det partssamansette utvalet.

Møtet vert på Clarion Hotel Bergen Airport i Bergen og startar kl. 16.30.

Saksliste for møtet i partssamansett utval 15. februar. (Sakene blir publiserte 8. februar.)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713