Utsikten på Gaularfjellet. Eit utsiktspunkt på den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet
Utsikten på Gaularfjellet. Eit utsiktspunkt på den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet

Foto: Ole Ingar H. Hæreid/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Regional transportplan 2018–2027

Fylkestinget vedtok Regional transportplan 2018 - 2027 i møte den 6. desember 2017. Den nye transportplanen er basert på Regional planstrategi for 2016 – 2020. 

Regional transportplan Sogn og Fjordane 2018 – 2027 (RTP) er ei rullering av Regional transportplan Sogn og Fjordane 2014 – 2023.

Regional transportplan Sogn og Fjordane er ein langsiktig regional strategisk plan for utvikling av transportområdet i Sogn og Fjordane. Planen inneheld mål for alle relevante delar av transportsystemet, samt strategiar og tiltak for å nå dei overordna måla. Planen legg grunnlag for fylkeskommunen sine prioriteringar i handlingsprogram, investeringsprogram og budsjettvedtak. Planen skal også gje innspel og føringar til prosessar som gjeld Sogn og Fjordane,  men som ligg utanfor fylkeskommunen sitt direkte ansvarsområde.

Transportplanen byggjer på eit kunnskapsgrunnlag der heile transportsystemet i Sogn og Fjordane er analysert. Kunnskapsgrunnlaget viser utviklingstrekk og utfordringar i heile transportsystemet, også for område som ligg utanfor fylkeskommunen sitt direkte ansvarsområde.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00