Foto av fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes, ordførar i Flora Ola Teigen og fylkesordførar Jenny Følling mot ei grå bakgrunn. Biletet er teke ute.
Foto av fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes, ordførar i Flora Ola Teigen og fylkesordførar Jenny Følling mot ei grå bakgrunn. Biletet er teke ute.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Petroleumsrådet i Stavanger

Petroleumsrådet i Sogn og Fjordane med fylkesordførar Jenny Følling i spissen, var sist veke i Stavanger for å møte sentrale aktørar innan olje- og gassektoren.

Engie, Wintershall, Petoro, Shell og Statoil var blant aktørane petroleumsrådet hadde møte med.

Petroleumsrådet i Sogn og Fjordane arbeider for å styrke industriell utnytting av olje- og gassressursane i fylket vårt. Under møta i Stavanger deltok leiar av rådet, fylkesordførar Jenny Følling, nestleiar og ordførar i Flora kommune Ola Teigen, fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes og Audun Erik Sunde, som er seniorrådgjevar i fylkeskommunen.

Viktig med langsiktig perspektiv

Eitt av hovudpoenga i møta var å understreke kor viktig det er for Sogn og Fjordane at aktiviteten offshore må syne att på land. Aktivitetsutjamning og eit langsiktig perspektiv er viktig for å rekruttere nytt personell, og det er gode vinstmoglegheiter for økonomi, miljø og tryggleik ved vidare satsing i Sogn og Fjordane.

Statoil har størst volum i Sogn og Fjordane, og Snorre er berebjelken i drifts- og basemiljøet, men ein komplett base er avgjerande for at ein skal klare å trekke til seg og halde på operatørselskap. I møta i Stavanger vart det blitt gitt gode skussmål til basemiljøet i Florø og skryt for satsinga på ankerhandteringsfartøy i Sløvåg. Petroleumsrådet meiner  Florø har tilgjengeleg infrastruktur, lang erfaring, ligg sentralt plassert og ynskjer å bidra konstruktivt i den vidare prosessen.

Les meir om petroleumsrådet her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713