Pendling

Utpendling frå Sogn og Fjordane

Ved utgangen av 2013 var 57 179 av innbyggjarane i Sogn og Fjordane sysselsette. På same tid var det 54 683 arbeidsplassar i fylket. Det var dermed 2496 fleire som pendla ut av enn inn til fylket for å arbeida. Nettoutpendlinga utgjorde 4,4 prosent av dei sysselsette innbyggjarane. Ti år tidlegare, i 2003, var nettoutpendlinga på 2017 personar. Desse utgjorde 3,7 prosent av dei sysselsette innbyggjarane. Det har vorte færre arbeidsplassar per sysselsett dei siste 10 åra.

Pendlinga mellom kommunar i Sogn og Fjordane

Ved utgangen av 2013 var det i alt 3311 personar som pendla mellom to kommunar i Sogn og Fjordane. Dette svara til 5,8 prosent av dei sysselsette innbyggjarane. Ti år tidlegare var det 2919 internpendlarar, dvs 5,4 prosent av dei sysselsette. Pendlinga mellom kommunar i Sogn og Fjordane har dermed auka dei ti siste åra.

Netto innpendling i Sogn og Fjordane. Kjelde: SSB

Statistikk over pendlingsstraumar internt i fylket viser at det berre er to regionar med omfattande pendling mellom kommunane; Førderegionen og Sogndalsregionen der høvesvis Førde og Sogndal/Leikanger står fram som sentrumskommunar i kvar sin region.

I 2013 hadde 8 av kommunane nettoinnpendling frå dei andre kommunane i fylket. Den største innpendlarkommunen var Førde, som hadde 2375 fleire innpendlarar frå enn utpendlarar til andre kommunar i Sogn og Fjordane. Nettoinnpendlinga utgjorde 26,5 prosent av arbeidsplassane. Nettoinnpendlinga til Førde har auka med 22,2 prosent dei siste ti åra.

Leikanger er den nest største innpendlingskommunen i fylket med ei nettoinnpendling på 458 personar. For Leikanger utgjorde nettoinnpendlinga 29,0 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Nettoinnpendlinga til Leikanger har auka med 48,2 prosent dei siste ti åra.

18 kommunar hadde større utpendling enn innpendling frå andre delar av fylket. Den største utpendlarkommunen er Naustdal. I 2013 var det 715 fleire som pendla frå kommunen til andre kommunar i fylket enn det var som pendla motsett veg. Det er fleire som nettopendlar ut frå Naustdal enn det er arbeidsplassar i kommunen. Også Jølster (480) og Gaular (479) har stor nettoutpendling til andre kommunar i Sogn og Fjordane. Nettoutpendlinga frå Jølster og Gaular utgjer om lag halvparten av arbeidsplassane i dei to kommunane.

Dei viktigaste pendlarregionane i fylket

Domminerande pendlarstraumar i sunnfjord 2012Førderegionen kombinerer høg pendling til Førde med korte reiseavstandar:

  • Over 500 som pendlar til Førde frå kvar av kommunane Naustdal, Jølster og Gaular.
  • Det er også stor pendling frå Florø til Førde (349 personar). I 2013 var det 101 fleire pendlarar frå Florø til Førde enn ti år tidlegare. Den andre vegen pendlar det 121 personar.
  • Fleire som er busette i Naustdal arbeidar i Førde enn i heimkommunen i 2013.
  • I den siste tiårsperioden har det vore sterk auke i pendlinga frå Gaular til Førde(175 fleire).
  • Både i Gaular og Naustdal er det auke i andelen personar som arbeidar i Førde.

Domminerande pendlarstraumar i indre sognI Sogndalsregionen har innbyggjarane i Luster og Leikanger kort reisetid til Sogndal, men det er likevel relativt lite pendling dit samanlikna med pendlinga til Førde frå nabokommunane. Dette skuldast dels at det er fleire arbeidsplassar i Førde enn i Sogndal og dels at det er eit jamnare forhold mellom arbeidsplassar og sysselsette i nabokommunane til Sogndal enn det som er tilfellet for kommunane kring Førde.

  • I 2013 pendla det 211 fleire inn til enn ut av Sogndal frå andre kommunar i fylket. Dette var 52 fleire enn i 2003.
  • Størst innpendling var det frå Luster (524) og Leikanger (203).
  • Det er likevel fleire sogndøler som arbeidar i Leikanger enn det er systrendingar som arbeidar i Sogndal.
  • Det er likevel nesten dobbelt så mange sogndøler som arbeidar i Leikanger (397 personar) enn det er systrendingar som arbeidar i Sogndal.
  • Det har i dei siste ti åra vore ein kraftig vekst i talet på lustringar som arbeidar i Sogndal (162 personar).
  • Det er også eit innslag av personar utanfor Leikanger/Luster som arbeidar i Sogndal, flest frå Årdal, Vik og Lærdal. Talet på pendlarar frå Årdal er meir enn dobla dei siste ti åra.

Domminerande pendlarstraumar i Eid. Kjelde: SSBPendling til/frå Eid.

I motsetning til Sogn (Sogndal/Leikanger) og Sunnfjord (Førde), har ikkje Nordfjord nokon dominerande innpendlingskommune. Eid er likevel ein stor pendlarkommune, som i 2013 hadde nettoutpendling til Vågsøy, Gloppen, Stryn og til Møre og Romsdal, medan det var nettoinnpendling frå Hornindal.

I 2013 pendla 102 personar frå Eid til Stryn, medan 71 personar pendla den andre vegen.

100 personar pendla frå Eid til Vågsøy og 67 personar pendla motsett veg. 82 personar budde i Eid og arbeidde i Gloppen. 78 personar hadde bustad i Gloppen medan dei hadde arbeidsplassen sin i Eid.

97 personar busette i Eid arbeidde i Møre og Romsdal, medan det var 88 personar som pendla den andre vegen.

Gulen med høg innpendling frå Hordaland

Gulen er den kommunen i Sogn og Fjordane som har størst pendling til og frå Hordaland. I 2013 var det 306 personar som budde i Hordaland og som arbeidde i Gulen, medan det var 191 som pendla frå Gulen til ein jobb i Hordaland. Gulen hadde dermed ei netto innpendling på 115 personar frå Hordaland, dei fleste var busette i Masfjorden og Bergen.

Tabellar over pendling mellom dei ulike kommunane i fylket i år 2003 og år 2013.

Tabell over pendling mellom kommunane i Sogn og Fjordane og kommunane i Møre og Romsdal og Hordaland i år 2013

Kjelde for alle karta: SSB

Relevante lenkjer:
Sysselsetjingsstatistikk frå SSB

Del dette:

Relaterte lenker