Pandora Film skal lage film om framtidsfylket

Bergensselskapet Pandora Film AS er innstilt til å få oppdraget med å lage filmen som skal promotere Sogn og Fjordane som framtidsfylket.

I søknaden om å få lage filmen legg Pandora Film vekt på at dei vil lage ein dokumentarisk film, der ein skal møte unge menneske med spennande jobbar rundt omkring i Sogn og Fjordane. Filmselskapet vil få fram mangfaldet, og vil ha estetikk i fokus sjølv om filmen skal vere dokumentarisk.

Pandora Film AS har god erfaring med faktaproduksjonar for NRK og TV2, samt for det offentlege og det private næringsliv. Dei har mellom anna produsert TV-seriar som ”Tid for hjem”, ”Akvariet”, ”Norsk innvandringshistorie” og ”Norsk oljehistorie”.

Det bergensbaserte filmselskapet vart valde framfor Dinamo frå Oslo og Feber Film frå Bergen, og desse har fått klagefrist fram til 8. oktober klokka 10.

Hovudutval for plan og næring løyvde i møte 22. september 300 000 kroner til filmen, som er eit samarbeid mellom blant andre Sogn og Fjordane fylkeskommune, Framtidsfylket og NHO.

Kontaktperson:

Asbjørn Ness
Trainee, Informasjon
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger
asbjorn.ness@sfj.no
tlf: +47 57 65 62 77

Del dette:

Relaterte lenker