Mange mennesker sett ovenfra
Mange mennesker sett ovenfra

Oversikt over folketalsutviklinga i andre kvartal 2018

Tal for flytting, migrasjon, fødselsoverskot og folketalsvekst er no tilgjengelege for 2. kvartal 2018. 

Folketalet i Sogn og Fjordane fall med 35 personar i løpet av april, mai og juni 2018. Etter ei positiv utvikling i andre kvartal 2015 og 2016, har folketalsutviklinga no vore negativ i andre kvartal 2017 og 2018.

Ti kommunar hadde folketalsvekst i andre kvartal 2018: Stryn (26 personar), Gaular (25), Lærdal og Eid (begge 22), Balestrand (16), Hyllestad og Førde (begge 6), Gulen og Selje (begge 5) i tillegg til Solund (1). Flora og Askvoll hadde ei nøytral utvikling, medan folketalet fall i dei resterande 14 kommunane.

 

Netto innvandring

Vi opplev ei svak netto innvandring i Sogn og Fjordane i andre kvartal 2018. Innvandringa er lågare, samanlikna med same kvartal dei siste åra, særskild i 2016. Samstundes har utvandringa frå fylke har vore stabil i andre kvartal over fleire år. Fire kommunar hadde netto utvandring dette kvartalet: Fjaler (-8), Luster (-4), Jølster (-3) og Naustdal (-2).

 

Netto innflytting innanlands

Nettotalet for innanlands flytting i fylket er -153 i andre kvartal 2018. Dette svarar til ein nedgang frå same kvartal i 2015 og 2016, men likevel ei sterkare utvikling samanlikna med andre kvartal i fjor. Ni kommunar hadde netto tilflytting dette kvartalet: Gaular (19 personar), Lærdal (17), Hyllestad, Eid og Stryn (8), Selje (7), Balestrand (3), Askvoll (2) og Solund (1). Gulen og Aurland hadde nøytrale innlands flyttetal dette kvartalet, medan dei resterande kommunane hadde netto utflytting.

 

Fødselsoverskot

Sogn og Fjordane hadde eit fødselsoverskot (fleire fødslar enn dødsfall) på 29 personar i andre kvartal 2018. 13 kommunar hadde fødselsoverskot i dette kvartalet, der Førde (36 personar) utpeikar seg spesielt.

 

denne sida kan du sjå meir om korleis tala har utvikla seg på kommunenivå og over tid for dei demografiske variablane døde, fødde, fødselsoverskot, innflytting, utflytting, innvandring, utvandring og netto innflytting. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette