Over 90 deltakarar på konferanse om førebyggjande heimebesøk til eldre

Helsedirektoratet jobbar i desse dagar med ein nasjonal rettleiar for førebyggjande heimebesøk til eldre. Fire kommunar i Sogn og Fjordane har dette tilbodet til innbyggjarane sine i dag. 30. mai var dei og andre samla på Skei for å utveksle erfaringar dei har gjort seg og vegen vidare.

– Vi fekk spørsmål frå ein av dei eldre om kva vi ville førebyggje, vi blir jo eldre. Så byt gjerne namn til helsefremjande heimebesøk, oppmoda Berit Westby frå Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Aust-Agder.

Ho var ein av føredragshaldarane då Sogn og Fjordane fylkeskommune, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane og Flora kommune arrangerte konferanse om temaet på Skei 30. mai. Heile 92 personar – dobbelt så mange som arrangørane hadde tort å håpe på – deltok, hovudsakleg frå helse- og omsorgssektoren i kommunane.

Tryggare og friskare eldre

Førebyggjande eller helsefremjande, poenget er uansett at eldre når dei når ein viss alder får tilbod om eit besøk frå kommunen. Tema for besøket er ulikt frå kommune til kommune, men det som går att er informasjon om aktivitetar og tilbod, råd om mat og helse, samtale om sosialt nettverk og informasjon om tryggleik i og rundt heimen. Målet er å bidra til tryggare og friskare eldre.

I Sogn og Fjordane har kommunane Balestrand, Luster, Stryn og Årdal etablert dette tilbodet som del av prosjektet «Trygge eldre» og satsinga Trygge lokalsamfunn i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Folkehelsekoordinator Kari Maria Fjærestad i Balestrand deltok på konferansen, og fortalde korleis kommunen organiserer arbeidet, som dei starta med i 2008.

Hjelpe, men ikkje gjere inaktive

– Vi konsentrerer oss om førebygging av fall- og brannskader og tilbyr besøk til alle eldre over 80. Vi opplyser om kva vi meiner er lurt, til dømes å flytte ting ein nyttar ofte ned i skåpa, så ein slepp å klatre opp kvar dag. Men alt er frivillig. Vi er også opptekne av å ikkje gjere dei eldre inaktive og prøver å ikkje hjelpe for mykje. Til dømes kan vi gje dei sand, men dei må strø vegen til postkassa sjølve, seier Fjærestad.

Ho fortel vidare at kommunen prøver å få dei eldre med på aktivitetstilbod som seniordans og eldrekafé – og dei ser eldre som ein ressurs. Nyleg arrangerte dei ei samling der eldre lærde vekk gamle leikar til ungar.

Arbeider med nasjonal rettleiar

Helga Katharina Haug i Helsedirektoratet deltok også på konferansen og informerte om korleis styresmaktene arbeider med førebyggjande heimebesøk. Regjeringa har løyvd fem millionar kroner i året dei siste tre åra, og dette har gått til forskingsprosjekt rundt om i landet. Målet er å samle erfaringar og dokumentasjon og lage ein nasjonal rettleiar.

Nyleg kom også stortingsmeldinga «Morgendagens omsorg», som er ein plan for omsorgsfeltet fram mot 2020.

– Denne utfordrar oss på nye arbeidsformer og legg stor vekt på forsking og utvikling. Vi skal møte dagens behov og morgondagens utfordringar. Vi vert stadig fleire eldre vi får ei gruppe «nye eldre», som har ein anna tilgang til kunnskap enn vi har sett tidlegare. Dette krev andre måtar å jobbe og tenkje på, slo Haug fast.

For meir informasjon

Heidi Ekehaug
Sogn og Fjordane fylkeskommune
456 61 994

Marta Strandos
Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane
415 26 416

Leni Klakegg
Flora kommune
924 11 182

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette