Foto som syner plassen utanfor Stryn vidaregåande skule. Det sit elevar ved mange av borda på plassen.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Over 4000 elevar deltek i skulevalet

Før stortingsvalet 11. september er det tid for skuleval på dei vidaregåande skulane. Skulevalet gir ofte ein god peikepinn om trenden ved det ordinære valet.

Årets skuleval vert arrangert 4. og 5. september. Målet er å vekkje politisk interesse og engasjement blant ungdom og lære dei noko om den demokratiske prosessen.

– Skulevalet er del av ein læreprosess, og er viktig fordi det bidreg til auka interesse og kunnskap om politikk blant dei unge. Elevane skal få innsikt i korleis eit val i Noreg fungerer i praksis, og korleis dei som styrer landet kjem til makta. Eg håper dei unge vil sjå verdien av det demokratiske samfunnet vårt, og skjønar kvifor det er viktig å bruke stemma si, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Gir ofte god peikepinn

Nær 3900 elevar er tekne inn på dei offentlege vidaregåande skulane i fylket no i haust og kan dermed delta i skulevalet. I tillegg deltek også dei 165 elevane ved Sygna vidaregåande skule i Balestrand. Dermed har over 4000 elevar i Sogn og Fjordane moglegheit til å delta i årets skuleval. Ein god del av dei har også stemmerett ved det ordinære valet.

Skulevalet gir ofte ein god peikepinn på korleis den politiske vinden i landet bles. Partia som går fram eller tilbake i skulevalet, får gjerne tilsvarande utvikling i det ordinære valet. Det er Norsk senter for forskningsdata som arrangerer skulevala på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Skuledebattar og valtorg

Før sjølve skulevalsdagen, vert det skuledebattar og valtorg på alle dei vidaregåande skular i fylket, i tillegg til på Nordfjord folkehøgskule, Høgskulen på Vestlandet og på Sunnfjord folkehøgskule. Det er ungdomspartia som stiller på debattane.

– Ungdomspartia er flotte førebilete, og dei engasjerte ungdomane tek opp viktige saker som ungdomen bryr seg om. Gjennom skulevala og skuledebattane får elevane lære om dei ulike partia, seier fylkesordføraren.

Oversikt over skuledebatt og valtorg

Veke 34

Torsdag 24.08 kl. 09.00: Måløy vidaregåande skule

Torsdag 24.08 kl. 13.00: Eid vidaregåande skule

Fredag 25.08. kl. 09.30: Firda vidaregåande skule

Veke 35

Måndag 28.08. kl. 09.30: Stryn vidaregåande skule

Måndag 28.08. kl. 17.00: Nordfjord folkehøgskule

Tysdag 29.08. kl. 09.00: Hafstad vidaregåande skule

Tysdag 29.08. kl. 13.00: Mo og Øyrane vidaregåande skule

Tysdag 29.09. kl. 17.00: Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde

Onsdag 30.08. kl. 09.30: Flora vidaregåande skule

Torsdag 31.08. kl. 09.30: Dale vidaregåande skule

Fredag 01.09. kl. 09.00: Høyanger vidaregåande skule

Fredag 01.09. kl 13.30: Sygna vidaregåande skule

Veke 36

Måndag 04.09. kl 09.00: Sogndal vidaregåande skule

Måndag 04.09. kl. 13.00: Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal

Måndag 04.09. kl. 17.30: Sunnfjord folkehøgskule

Tysdag 05.09. kl 09.00: Årdal vidaregåande skule

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut