Over 200 samla på konferansen Sjumilssteget om born og unge

Folkehelse, psykisk helse og medverknad står på agendaen på Hotel Alexandra i Loen 11. og 12. mars. Over 200 deltakarar frå ulike faggrupper er samla for eit samordna løft og tverrfagleg samarbeid for born og unge.

Dei årlege folkehelsedagane til fylkeskommunen er i år slått saman med Sjumilsstegskonferansen til Fylkesmannen til ein felles konferanse. Mange ønskjer å få med seg dette, og dei vel 200 deltakarane er tilsette i blant anna kommunane, vidaregåande skular, Nav og Høgskulen.

Fylkesmannen opna konferansen

Fylkesmann Anne Karin Hamre opna konferansen tysdag kl. 10. Sidan er det eit allsidig program som ventar deltakarane dei to dagane.

Paal André Grinderud var første føredragshaldar ut med føredraget «En hånd å holde i når det går over alle grenser». Grinderud er forfattar og kjent for å halde føredrag om oppveksten med ei alkoholisert mor og livet som har følgt etterpå.

Erfaringar frå ungdom onsdag

Blant dei andre føredragshaldarane er ordførar i Oppegård, Ildri Eidem Løvaas, assisterande direktør i Nasjonalt folkehelseinstitutt, Arne Holte og fagdirektør og forskar i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk. Det vert i tillegg parallellsesjonar både tysdag og onsdag, der deltakarane kan melde seg på sesjonar med tema som vald og overgrep i nære relasjonar og psykologisk førstehjelp i skulen.

Deltakarane får onsdag også høyre erfaringar frå unge i fylket. Nestleiar i ungdomspolitisk utval, Alice Beate Holm, får selskap av Åsmund Hordvik (ungdomsråd) og Lise-May Sæle (elevråd) til å fortelje korleis det er å vere ung i Sogn og Fjordane i dag.

Program for Sjumilsstegskonferansen 2014.

For meir informasjon

Emma Helene Bjørnsen
fagkoordinator, Sogn og Fjordane fylkeskommune
e-post: emma.helene.bjornsen@sfj.no
tlf. 958 19 841

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette