Over 1,3 mill. til førebyggande tiltak innan fysisk aktivitet, ernæring og tobakk

Partnarskap for folkehelse har tildelt midlar til kommunar, frivillige organisasjonar og andre som iverkset førebyggande lågterskel tiltak på områda fysisk aktivitet, ernæring og tobakk/snus.

Kvart år lyser fylkeskommunen og Fylkesmannen ut midlar til lågterskeltiltak. Det er stor søknad til desse midlane. Kommunar som har patnarskapsavtale med fylkeskommunen om folkehelse fordeler midlane til søkjarane i sin kommune, medan fylkeskommunen og fylkesmannen i fellesskap fordeler midlar til fylkesdekkande søkjarar og kommunar som står utanfor partnarskapen.

Målet med midlane er at dei skal stimulere til auka fysisk aktivitet for grupper som er inaktive, eit sunt kosthald og røyk- og snusslutt. Dette blir gjort ved at eksisterande tiltak vert tilpassa nye grupper, eller at nye tilrettelagde tiltak vert etablert. Midlane har ført til at det vert sett auka fokus på kva regelmessig fysisk aktivitet har å seie for sjukdom og helse. Når det gjeld ernæring vert det oftast søkt om tilskot til servering av frukt/grønt og bruk av vatn som tørstedrikk. For tiltak innan tobakk og snus dreier søknadane seg mest om kurs og positive alternativ i skulen eller på arbeidsplassen.

I år har fylkeskommunen fått 700.000 kr ekstra frå staten til lågterskeltilbod på dagtid for sjukdomsgrupper og trygda personar. Summen som er tildelt for 2009 er difor større enn tidlegare år, tilsaman kr. 1.336.000,-. Sjå liste over løyvde midlar. PDF document ODT document

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette