Oppreisingsutvalet fordelte 2,25 millionar kroner

Det var møte i oppreisingsutvalet 20. juni. Der fekk to personar innvilga 725 000 kroner i oppreising, og ein fekk innvilga 500 000. Ein annan person fekk medhald i klagen sin og fekk auka oppreisingsbeløpet frå 300 000 til 500 000 kroner.

Oppreisingsordninga er oppretta for personar som vart utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg. Av dei fire som fekk innvilga oppreising i denne omgang, var tre plasserte i institusjon og ein i fosterheim. Søknadane gjeld kommunar i Nordfjord og Sogn.

Oppreisingsutvalet handsama til saman sju saker i møtet 20. juni. I eitt tilfelle vart det ikkje ytt oppreising, og ein person fekk avvist klagen då søknaden fall utanfor ordninga. I tillegg fekk ein person avvist klagen sin om å få dekt advokatutgifter.

Oppreisingsutvalet avgjer saker som kjem inn til oppreisingsordninga. Alle kommunane i Sogn og Fjordane er med i ordninga, og det er fylkeskommunen som driftar ho.

Det ligg no åtte nye saker til handsaming hjå sekretariatet. Desse skal handsamast av oppreisingsutvalet 4. september. Også desse sakene gjeld plasseringar både i fosterheim og i institusjon.

For meir informasjon

Karen Steingildra
konsulent i oppreisingsordninga
57 65 61 45
karen.kristine.steingildra@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker