Opning av Askvollkrysset, Førdepakken

27. juni opna fylkesordføraren Askvollkrysset, det andre delprosjektet av Førdepakken som er ferdigstilt. 

Opning Askvollkrysset/ Førdepakken

Ordførar, Statens Vegvesen, kjære alle frammøtte frå by og bygd.

Eg er glad for å vere til stades her i Førde i dag for å markere at delprosjekt 6 og 7 er ferdige. Resultatet er betre trafikkavvikling i Askvollkrysset, og tryggare veg for dei mjuke trafikantane våre, med lyskryss og fortau. Det er enklare for dei som kjem frå Fv. 609 å komme seg inn på E39 – heile krysset er rett og slett forbetra og tilpassa dagens trafikk, og er ei viktig oppgradering. Det er eit flott veganlegg som i dage står ferdig, og det andre delprosjektet av Førdepakken er ferdig.

Statens vegvesen laga reguleringsplanen for prosjektet, kommunen vedtok på vanleg måte. Målet med Førdepakken er å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde med god flyt i trafikken og trafikktryggleik i høgsetet. Målet er også å etablere kommunikasjonslinjer som på sikt vil gje ein meir effektiv arealbruk og utvikling av eit pulserande sentrum i Førde og i Sunnfjord. Norconsult har stått for det meste av prosjekteringa, og SVV sin eigedomsseksjon har administrert grunnervervet.  (her går det truleg mot rettsleg skjønn for ein del eigedommar). Byggherrepersonellet til SVV-Førdepakken har hatt byggeleiinga.

Betre vegar og gode kommunikasjonar skaper vekst og utvikling i Sunnfjord, og er heilt avgjerande for næringslivet i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Som alle tiltaka i Førdepakken, er Askvollkrysset finansiert med 60% bompengar, resten frå kommune, stat og fylket.

Fylkeskommunen vedtok ein offensiv regional transportplan i fjor og har rekordstor satsing på vegsektoren. Vi har vore med i spleiselaget om Førdepakken saman med kommunen og staten. Det var viktig å samle kreftene for at Førdpakken skulle kunne la seg realisere. Det er dette spleiselaget vi byrjar å sjå resultatet ut av no. Vi ynskjer å investerer i ein framtidsretta infrastruktur i fylket, og det er kjekt å sjå at dette vert sett pris på og feira av folk i kommunen.

Førdepakken har vore ei stor og viktig sak i Førde og omkringliggjande kommunar. Endeleg ser vi resultata av mange år med diskusjonar, planlegging og prosjektering.

Men vi greier ikkje å innfri alle behov og ynskje. Sogn og Fjordane fylkeskommunen er ein stor vegeigar med 2600 km fylkesveg - i krevjande natur - og store behov for å oppgradere og bygge ut vegnettet.

Difor er det ei ekstra gledeleg på slike dagar som i dag å kunne sjå eit farleg kryss er fjerna. Ein kan sluttføre eit prosjekt som betyr mykje for folk, ikkje minst fordi trafikktryggleiken er auka.  

Ein stor takk til entreprenør Magne Hafstad as og ein rekkje underentreprenørar. Det har vore godt samarbeid og vel utført arbeid. Med oppstart i marka i januar 2018, blei prosjektet ferdig til fristen på 31.mai 2019. Prosjektet har lagt ned om lag 38000 arbeidstimar, og av desse er 6082 lærlingtimar.

Kvardagslogistikken er viktig for folk. Dei mjuke trafikantane - både gåande og syklande - får eit betre og tryggare tilbod. Vi ynskjer at så mange som mogleg som bur her skal finne det best å la bilen bli stå – og heller sykle eller gå. Det er helse i kvart steg.

Eg vil gratulere med dagen og ynskje lukke til med eit flott veganlegg!

Gratulerer med dagen!