Stortingssalen med folk i salen
Stortingssalen med folk i salen

Foto: Stortinget

Opnar for fleire oppgåver

Kommunal- og forvaltningskomiteen rår Stortinget til å gje dei nye folkevalde regionane ansvar for fylkesvegadministrasjon og integreringsarbeid. I tillegg ber dei om at eit ekspertutval skal foreslå ytterlegare nye oppgåver til regionane. 

– Dette er kanskje meir enn vi kunne forvente, all den tid strukturar og regiongrenser framleis er heilt uavklarte. Eg meiner stortingskomiteen har bevega oppgåveoverføringa til nye regionar eit godt steg i rett retning samanlikna med regjeringa si melding til stortinget nr. 22, seier fylkesrådmann Tore Eriksen, i samband med sitt føredrag for stortingsbenken frå Sogn og Fjordane i Førde 3. juni.

Regjeringa meiner Noreg bør delast inn i om lag ti nye folkevalde regionar, og det har i vår vore mykje merksemd rundt forventa oppgåver til dei nye regionane. Fylkesordførarane har stilt krav om fleire oppgåver

I innstillinga til Stortinget går komiteen no lenger i å stadfeste at nye oppgåver kjem. Komiteen tilrår at Stortinget ber regjeringa om:

  • Å sette ned eit ekspertutval som skal foreslå ytterlegare nye oppgåver til regionane når regionstrukturen er fastlagt, og seinast våren 2017.

  • Sørge for at administrasjonen av fylkesvegnettet vert underlagt dei nye folkevalde regionane.

  • Styrke nytt regionalt nivå si rolle i integreringsarbeidet i samband med sysselsetting og utdanning/kompetanseheving.

I innstillinga ber og komiteen om at ansvar for tilskot til ikkje-statlege flyplassar, oppgåver som ligg innanfor Innovasjon Noreg og ansvar for fagskulane skal liggje til det regionale folkevalde nivået.

Innstillinga vart lagt fram 2. juni, og saka skal behandlast i Stortinget 8. juni. Eit fleirtalsframlegg frå komiteen gjer det sannsynleg at Stortinget vil følgje tilrådinga.

Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver

Presentasjon for stortingsbenken i Førde 3. juni 2016, ved fylkesrådmann Tore Eriksen.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
Tore.Eriksen@sfj.no
415 30 932

Ole Inge Gjerald
seniorrådgjevar
Ole.I.Gjerald@sfj.no  
408 57 025

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713