Åshild Kjelsnes talar til folk på stand
Åshild Kjelsnes talar til folk på stand

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes

Opna utstilling på Nor-Fishing

Fylkeskommunen er også i år tilretteleggjar for ein felles stand for bedrifter frå Sogn og Fjordane under fiskerimessa Nor-Fishing. Den offisielle opninga av standen under årets messe i Trondheim vart utført av fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes.

Nær 30 utstillarar er i år representert på Sogn og Fjordane sin fellesstand. Årets utstilling har tittel «Framtida tek sjøvegen».Her står nyetablerte gründerar side om side med bedrifter med lang fartstid i næringa. Ei oversikt over utstillarane finn du på http://www.sjovegen.no/.

Også opplæringsfartøyet Skulebas frå Måløy vidaregåande skule ligg til kai i Trondheim under messa, og politikarar og tilsette i administrasjon har vitja båten og prata med elevar frå studieretninga Fiske og fangst som er med båten.

Skulebas.jpg

Messa har dei siste åra samla over 15000 deltakarar frå over 50 nasjoner, og er ein viktig møteplass for aktørar i tilknyting til fiskerinæringa.

For meir informasjon

Lena Merete Søderholm
fagkoordinator
lena.soderholm@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00