Foto av fylkesordførar Jenny Følling saman med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og ordførar i Stryn, Sven Flo. Biletet er teke ute, i sol, på Ullsheim i Stryn.
Foto av fylkesordførar Jenny Følling saman med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og ordførar i Stryn, Sven Flo. Biletet er teke ute, i sol, på Ullsheim i Stryn.

F.v. kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, fylkesordførar Jenny Følling og ordførar i Stryn, Sven Flo.

Opna landslina i skiskyting

Stryn vidaregåande skule starta det nye skuleåret med oppstart av ei flunkande ny landsline i skiskyting.

– Som fylkesordførar er eg stolt av å stå her i dag i vakre Stryn, og vere med på opninga av eit nytt studietilbod som kan bidra til at vi også i framtida kan dyrke fram skiskyttartalent i verdstoppen, fylkesordførar Jenny Følling under opninga 22. august.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var på plass og stod for den offisielle opninga av landslina. Han måtte også prøve seg på skytebana før han erklærte lina for opna.

Lange tradisjonar for vinteridrett

Stryn kommune har engasjert seg sterkt for å få på plass landslina i skiskyting, og fylkeskommunen har støtta arbeidet. Fylkeskommunen måtte gjennom fleire søknadsrundar før løyvinga på statsbudsjettet vart ein realitet i år.

Plasseringa er ikkje tilfeldig. Stryn har lange tradisjonar for vinteridrett og skiskyting, brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø er begge i verdstoppen med ski på beina og børse på ryggen.

– Gode rollemodellar og nokon å strekke seg etter, er særs viktig i idretten. Og med to verdsmeistrar i skiskyting frå Stryn, så er forbilda på plass, slo Følling fast.

Dei ti beste i landet

Det er ti elevar som i no startar skulekvardagen sin på den nye landslina. Det er unge, lovande skiskyttartalent, dei ti beste kandidatane frå heile landet. Fylkesordføraren oppmoda elevane om å ta godt imot hybelbuarar og ta vare på kvarandre.

– Fyrste skuledag på ein ny skule og på ein ny stad kan vere både spennande og tøft, og då er det godt å vite at det er fleire i same båt. Ta godt vare på kvarandre, og hugs at eit smil kan bryte barrieren, og dessutan er det heilt gratis, sa ho.

Les heile talen til fylkesordføraren her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00