Heim/Måløy vidaregåande skule/Om oss/Om skulen
Administrasjonsbygg

Administrasjonsbygg

Om skulen vår

Måløy vidaregåande skule har ca. 350 elevar og 85 tilsette, og ligg på Tennebø i Vågsøy kommune.

Skulen har fylkesdekkande tilbod innan maritime og marine fag i tillegg til YSK. Vi er samlokalisert med Fagskulen i Sogn og Fjordane, maritim avdeling Måløy, som har nautisk og skipsteknisk offisersutdanning (ca. 60 studentar). Til skulen høyrer også Sikkerheitssenteret i Måløy, som har utvikla ei omfattande kurs- og oppdragsverksemd innan maritim sektor. Skulen har gode undervisningstilhøve.