Bilete av dagsturhytta Gyttakvia.
Bilete av dagsturhytta Gyttakvia.

Dagsturhytta Gytta i Førde opnar laurdag 27. april. Foto: Sissel Straume Svoen

Offisielle opningar av dagsturhytter

Denne veka er det opningsarrangement ved fire av dagsturhyttene. Det vert musikk, underhaldning og aktivitetar for ungane. Ta turen om du er i Stryn, Måløy, Førde eller Sogndal.

Det vert underhaldning og aktivitetar for ungane ved hyttene. I Stryn skal Johan Olai Svidal underhalde, og Marte Holien Bø vil ha lesestund for barna. I Førde og i Sogndal vert det konsert med banet Good Time Charlie. Hugs å ta med niste.

Føredrag med Alexander Gamme

Eventyrar Alexander Gamme er med på alle hyttene, og produksjonsselskapet Rakkar kjem også til å filme litt frå alle dagsturhyttene. Alexander Gamme held også foredrag på ettermiddag/kveld. Ein kan melde seg på via lenke på heimesida til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Det er Sparebanken i Sogn og Fjordane som står bak arrangementa.

I Sogndal vert alle oppmoda om å parkere ved Sjøkanten eller Rema 1000. I Førde er det sett opp gratisbuss som går fram og tilbake mellom Firda Billag via Festplassen til Vieåsen mellom kl. 11.00 og 16.00. Det vil stå «Dagsturhytta» på bussen, og han vil også stoppe på busshaldeplassane undervegs.

Andre opningsarrangement

Mange av hyttene vil ha små og større arrangement på hyttene i mai og juni. Dagsturhytta i Aurland har offisiell opning torsdag 9. mai kl 18.00, og dagsturhytta i Årdal vert opna fredag 10. mai kl 11.00.

Mange kommunar kjem til å ha opningsarrangement søndag 2. juni.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut