Offentleg søkjarliste for stillinga som assisterande fylkesrådmann

Tre personar har søkt på stillinga som assisterande fylkesrådmann i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dei tre som vil ta over som assisterande fylkesrådmann etter Bjørn Birger Bremer, er:

  • Christer Bakke Frantzen (fødd 1977), seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen i Hordaland, busett i Bergen
  • Ole Starheim (fødd 1961), økonomisjef i Eid kommune, busett på Stårheim
  • Paal Fosdal (fødd 1961), avdelingsdirektør i Statens vegvesen, busett på Leikanger

Den som vert tilsett, startar i stillinga i desember 2014, men det er ønskjeleg at han kan ta til nokre månadar før.

Alle søkjarane til stillinga står på den offentlege søkjarlista.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut