Nytt studietilbod kan gje 30 årsverk i ein pressa bransje

Elektrobransjen i fylket slit med å få nok fagfolk, både fagarbeidarar, teknikarar og ingeniørar. Fagskulen i Sogn og Fjordane tilbyr frå hausten av eit samlingsbasert studie innan elektro.

Behovet for tal nye fagfolk kan være så stort som 100 samla sett. Det blir difor særs godt motteke i bransjen at fagskulen no har tenkt nytt og frå hausten av tilbyr eit samlingsbasert studie innan elektro. Det normerte studiet på 2 år vert sett opp også som samlingsbasert deltidsstudie over 3 år, for å auke søknaden mellom fagarbeidarar som ønskjer å jobbe ved sidan av vidareutdanning. Eit langsiktig mål er og å klare å halde ungdommen i fylket vårt.

Etterspurt kompetanse

- Dersom vi får 10 søkarar vil dette medføre 30 årsverk meir enn om desse studentane tok heiltidsstudier utafor fylket. Det å halde på ein fagarbeider i 3 år ekstra er svært viktig for bedriftene i elektrobransjen, seier Elin Viken, regionsjef i Nelfo - forening for EL- og IT-bedriftene i Norge. Nelfo Sogn og Fjordane er initiativtakar til studiet. - Næringa er så pressa på fagfolk at vidare vekst og ekspansjon må settast på vent fordi bedriftene manglar fagfolk. Bransjen ser verkeleg fram til å kunne tilby sine tilsette å gå eit studie som fører til etterspurt kompetanse, seier Viken.

Ein moderne måte å studere på

Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde, v/ Tor Solheim rektor:
- Som skule er det viktig å samarbeide med næringslivet. Vi har lytta til ønske og er svært glade no for å kunne tilby det bransjen etterspør, nemlig eit studie som er så attraktivt at fagarbeidarane vel dette framfor å ta utdanning i anna fylke, seier Tor Solheim, rektor ved Fagskulen i Sogn og Fjordane, avd. Førde. - Dette blir ein moderne måte å studere på, og egner seg svært godt for dei som vil ha med seg praktisk erfaring på vegen. Vi er ein skule i utvikling og saman med arbeidet med ny lokalisering skuleåret 2015/2016 er dette starten på ei god satsing.

For mer info kontakt

Tor Solheim,
tor.solheim@sfj.no
57 63 74 51 / 41 53 09 20

Elin Viken,
elin.viken@nelfo.no
98043504

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00