Nytt reisetidskart for tre kommunesenter i Nordfjord

Kvart kommunesenter har fått fire kart, eit for kvar gitt reisetid. Karta viser kor langt ut frå sentrum ein kjem med dei ulike reisetidene. Dei inneheld i tillegg informasjon om kor mange innbyggjarar dei ulike reisetidene («regionane») dekkjer.

Syner felles bu- og arbeidsmarknad

Eid kommune vil nytte karta i vidare kommuneplanlegging.

– Bruk av kart i presentasjonar kan vere eit svært nyttig verkty for kommunane, då det gir eit raskt og visuelt bilete av det ein elles måtte bruke mange ord på å forklare, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff. - Fylkeskommunen har etablert slik kompetanse nettopp for å være ein aktiv støttespelar for kommunane i å drive eit aktivt strategisk planarbeid.

Slike kart viser mellom anna kva område ein kan rekne som eit felles bu- og arbeidsmarknadsområde.

Så rett som mogleg

Kartet er laga ved at ein har estimert køyretida for kvar strekning med utgangspunkt i fartsgrensa som er på staden. Kartet er så korrigert utifrå vegstandard, slik at tidsbruken skal stemme best mogleg med verkelegheita. For ferjestrekningane er det estimert ein fart på 15 kilometer i timen, det er ikkje teke omsyn til eventuell ventetid på ferjekai.

Innbyggjartalet er berekna utifrå befolkningstala til Statistisk sentralbyrå frå 1. januar 2013. Karta er laga med utgangspunkt i rutenettet frå Norsk Vegdatabank (NVDB). Rutenettet er avleidd av data frå Nasjonal Vegdatabank og bruk er underlagt ‘Norsk lisens for offentlige data (NLOD)’ http://data.norge.no/nlod/no/1.0

Meir informasjon om analysen

For meir informasjon

Svein Arne Skuggen Hoff
fylkesdirektør for plan og samfunn, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf.: 918 88 868 e-post: svein.arne.hoff@sfj.no

Jo Tore Kristoffersen
rådgjevar for GIS og analyse, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf.: 57 65 62 14 e-post: jo.tore.kristoffersen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut