Portrettfoto av Andreas Ytredal Akse.
Portrettfoto av Andreas Ytredal Akse.

Foto: Kamilla F. Rivedal/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nytt medlem i ungdomspolitisk utval

Andreas Ytredal Akse frå Hyllestad er valt inn som nytt i ungdomspolitisk utval. Han erstattar Amila Adzemovic frå Måløy.

Ungdomspolitisk utval (UPU) er arbeidsorganet til fylkesting for ungdom. Dei følgjer opp vedtak og rapporterer til fylkesting for ungdom (FFU) om måten dei har følgt opp vedtak sidan førre tingsete. Utvalet skal i tillegg òg fungere som referansegruppe i arbeidet med fylkeskommunale planar og saker som gjeld barn og ungdom.

På utvalet sitt møte den 28. november vart Andreas Ytredal Akse frå Hyllestad vald inn som nytt medlem i ungdomspolitisk utval etter at Amila Adzemovic frå Måløy fekk fritak frå vervet sitt.

Akse er 17 år gamal og kjem frå Hyllestad kommune, der han òg sit i Hyllestad ungdomsråd.

– Det vert interessant å begynne som medlem i ungdomspolitisk utval og få ta del i arbeidet om å gjere fylket betre for ungdom, og la ungdom si røyst bli høyrd, seier han.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kamilla F. Rivedal
leiar, ungdomspolitisk utval
ungdomspolitiskutval@sfj.no
482 81 461

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568