Nytt inntektssystem for fylkeskommunane er utsett til 2015

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) melder i dag at framlegginga av nytt inntektssystem for fylkeskommunane blir utsett til kommuneproposisjonen for 2015.

Utsetjinga inneber at ambisjonen om å få på plass eit nytt system for å fordele rammetilskot og skatteinntekter mellom fylkeskommunane er utsett eitt år.

KRD viser til at arbeidet er krevjande og at det framleis står att ein del – særleg på samferdslesida. Departementet opplyser at dei faglege tilrådingane er at det bør setjast i gang eit prosjekt som særskilt ser på gode løysingar for båt- og ferjesektoren.

Fylkesrådmann Tore Eriksen seier at Sogn og Fjordane fylkeskommune har venta i spaning på det nye systemet.

– Vi har frykta at vi ville kome relativt dårleg ut. Under føresetnad av at det no vert gjort eit godt arbeid der ein tek tilstrekkeleg omsyn til fylkeskommunar med store ufrivillege kostnader og store utviklingsoppgåver, er det positivt at departementet arbeider vidare med systemet. Vårt eige arbeid med skulebruksplanen er ikkje tufta på eit eventuelt nytt inntektssystem. Dette fordi vi rett og slett ikkje har visst korleis dette kom til å bli, seier fylkesrådmannen.

Meir på heimesida til Kommunal- og regionaldepartementet

 

For meir informasjon
Tore Eriksen
tlf. 415 30 932
e-post: tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut