Foto som syner ein stim av laks under vatnet. Biletet er teke frå under vassoverflata. Foto: Melissa Doroquez, www.flickr.com
Foto som syner ein stim av laks under vatnet. Biletet er teke frå under vassoverflata. Foto: Melissa Doroquez, www.flickr.com

Foto: Melissa Doroquez, www.flickr.com

Nytt havbruksmagasin

Fylkeskommunen har laga magasinet «Havbruk i Sogn og Fjordane», som skal gjere havbruksnæringa betre kjend både i og utanfor fylket.

havbruk i sogn og fjordane.jpg– Målet med magasinet er å presentere havbruksnæringa i full breidde, men ikkje presentere absolutt alle næringsaktørane. Saman med A til Å har vi plukka ut nokon av dei mest interessante historiene, og sett dei saman til det vi meiner har blitt eit informativt og godt magasin, seier fagkoordinator Lena Søderholm i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkeskommunen har hyrt inn A til Å Grafisk Design og Media i Florø til å lage magasinet «Havbruk i Sogn og Fjordane». Magasinet finst både i trykt form og på nett.

Presenterer heile næringa

I «Havbruk i Sogn og Fjordane» vert vi kjend med ulike sider av havbruksnæringa i fylket. Vi kan lese om ulike bedrifter, som ein av dei eldste oppdrettsfamiliane i landet, som held til i Høyanger, og om ulike spennande prosjekt, som vert gjennomførte her i fylket.

Andre tema i magasinet er blant anna

  • eit forskingsprosjekt om luseetarar
  • korleis tare kan bli til mat
  • «grøn» produksjon av laks
  • kvinner i front av lakseeventyret på Svanøy
  • Olav og Ola i Skjerjehamn
  • kveitesuksess i Slantevika i Høyanger

Skal distribuerast i heile fylket

«Havbruk i Sogn og Fjordane» skal no distribuerast til alle kommunane i fylket, til ungdomsskulane og til bedrifter innan havbruk. Fylkeskommunen vil også forsøke å få plasserte ut eksemplar på dei to visningskonsesjonane for havbruk vi har i fylket (på Skjerjehamn og  i Høydalsfjorden).

– Havbruksnæringa i Sogn og Fjordane er allsidig og mangfaldig. Men både vi i forvaltninga og næringa sjølv har ved mange høve sakna «noko handfast» å vise til når vi informerer om og promoterer næringa i fylket. Havbruksmessa Aqua Nor, der vi var i august i år, er eit typisk døme på eit høve der vi nyttar slikt informasjonsmateriell, fortel Lena Søderholm.

Les magasinet (issuu)

For meir informasjon

Lena Søderholm
fagkoordinator, næringsavdelinga
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00