Biblioteket på Sogndal videregåande skule
Biblioteket på Sogndal videregåande skule

Foto: Else Ness/Sogndal vidaregåande skule

Nye søknadsrutinar

Det er nye søknadsrutiner for vidaregåande opplæring for vaksne. Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har ved søknad rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Les meir om rutinene og viktige datoar her.

Dei vaksne har til vanleg rett på opplæring fram til ønska sluttkompetanse. Vaksne har og rett til å få vurdert realkompetansen sin. Dei utan rett kan og få opplæring, så langt det er ledig kapasitet.

Du kan søke vidaregåande opplæring for vaksne heile året på www.vigo.no, men for å bli med i inntaket til kurs som startar om hausten, må du registrere deg innan 1. mars. Registrerer du deg før 1. september, kan du få tilbod om opplæring i januar.

Kva kan vi tilby opplæring i?

Generell studiekompetanse

Sogn og Fjordane fylkeskommune startar opplæring i fag til generell studiekompetanse i august. Opplæringa er gratis og du får låne lærebøker. Kva fag som vert starta opp, kan variere frå år til år. Nettopplæring i nokre fag kan òg verte tilbydd, desse har kontinuerleg oppstart med privatisteksamen to gonger i året.

Yrkesfag

Opplæring i yrkesfag vert starta etter behov hos søkjarane. Har du jobba i eit yrke, eller har stor interesse for eit fag og manglar formell utdanning, kan du søke. Vaksne søker på den sluttkompetansen dei ynskjer å oppnå, og ikkje på konkrete kurs. Ver førebudd på at søknadsprosessen  tek noko tid. Kvar søknad vert behandla individuelt,  med kartlegging og eventuell realkompetansevurdering av kvar enkelt for å tilpasse opplæringa best mogleg. Ver derfor merksam på tidsfristane.  Opplæringa er gratis og du får låne lærebøker.

Her finn du meir informasjon om vidaregåande opplæring for vaksne og realkompetansevurdering.

Du kan òg gå inn på www.karrieresfj.no. Her finn du kontaktinformasjon dersom du ynskjer å snakke med karriererettleiar, tinge rettleiingstime, eller finne utfyllande informasjon.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00