Portrettfoto av Tone Winje som er styreleiar for Førdefestivalen. Ho har på seg svart skinnjakke og kvitt skjerf. Det lysebrune håret heng laust og ho har på kvite perleøyredobbar og rosa leppestift.
Portrettfoto av Tone Winje som er styreleiar for Førdefestivalen. Ho har på seg svart skinnjakke og kvitt skjerf. Det lysebrune håret heng laust og ho har på kvite perleøyredobbar og rosa leppestift.

Foto: Theodor Karlsen.

Ny styreleiar for Førdefestivalen

Tone Winje er oppnemnt som ny styreleiar for Førdefestivalen for perioden 2017–2018.

– Det er ein særs kompetent kandidat som no tek over styreleiarvervet for Førdefestivalen etter Kristin Hille Valla, som har vore styreleiar sidan 2009. Vi i utvalet er svært glade for at ho tok utfordringa, seier leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.

Mykje kulturerfaring

– Eg har eit hjarta som bankar for festivalen, seier Tone Winje sjølv om kvifor ho valde å takke ja til vervet.

Winje har hatt fleire sentrale stillingar og tillitsverv i norsk musikk- og kulturliv dei siste 30 åra. Ho har m.a. vore innom musikkforlag, NRK, Norges Musikkhøgskole og Rikskonsertane. I perioden 2011–2015 var ho direktør for Festspillene i Nord-Norge. Deretter har ho vore seniorrådgjevar i Norsk Kulturråd. 1. januar 2017 tek Winje over som rektor ved kulturskulen i Moss.

I tillegg til Winje, har hovudutval for næring og kultur også oppnemnt Ivar Svensøy og Gunn Åmdal Mongstad som styremedlemmer. Førde kommune oppnemner eitt medlem, og representantskapen vel tre medlemmer til styret.

For meir informasjon

Tone Winje
styreleiar, Førdefestivalen
907 74 767

Karen Marie Hjelmeseter
leiar, hovudutval for næring og kultur
918 47 736

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00