Foto av ein som sit bøygd over eit hol i marka og driv med metallsøking. Han har på seg blå arbeidsklede og ei grå lue. Ved sidan av han ligg ein metallsøkar og ein spade.
Foto av ein som sit bøygd over eit hol i marka og driv med metallsøking. Han har på seg blå arbeidsklede og ei grå lue. Ved sidan av han ligg ein metallsøkar og ein spade.

Metallsøking på Osen gard våren 2017 i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune saman med Johannes Folkestad og Thomas Losnegard. Foto: Birgit Tansøy/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ny rettleiar for privat bruk av metallsøkar

Metallsøking fører til funn av mange arkeologiske gjenstandar som er viktige for forsking, formidling og forvaltning. No er det kome ein nasjonal rettleiar for privat bruk av metallsøkar.

Rettleiaren er utarbeidd av Riksantikvaren, og skal sørgje for at vi får ei sams forvalting etter dagens lovverk. Han seier ein god del om kvar private kan hente relevant informasjon om metallsøking, kvar det er lov å metallsøke, og kvar det ikkje er lov.

Rettleiaren viser til gjeldande lovverk og forklarer ulike omgrep som automatisk freda kulturminne, sikringssone, lause kulturminne, områdefredingar, utførsel og innførsel av lause kulturminne m.m.

Reglar for behandling og innlevering

Før ein går i gang med metallsøk, er det veldig viktig at det alltid ligg føre eit samtykke frå grunneigar. Rettleiaren forklarer skilnaden på søk i utmark og innmark, og gir fleire nyttige tips som alle metallsøkarar bør kjenne til om det dukkar opp automatisk freda gjenstandar.

Det er eigne retningsliner for korleis slike gjenstandar skal behandlast og leverast inn, og det ligg eit eige funnskjema ved rettleiaren.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ber alle som har ein metallsøkar, eller som vurderer å skaffe seg ein slik, om å lese gjennom rettleiaren. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.

Rettleiar for privat bruk av metallsøkar.

Funnskjema - metalldetektorfunn.

For meir informasjon

Birgit Tansøy
Seniorrådgjevar og arkeolog
birgit.tansoy@sfj.no
909 84 022

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00