Industrikraner i silhuett mot solnedgang

Foto: Arne Hjorth Johansen

Ny rapport syner svak vekst

Den regionale analysen for Sogn og Fjordane 2015 syner god produktivitet men svak arbeidsplassutvikling i næringslivet. Rapporten vart presentert i ope møte i Førde 3. februar.

Regional analyse for 2015 syner utvikling i befolkning, arbeidsplassar, næringsutvikling og attraktivitet og er utført av Telemarksforsking på vegne av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Analysen viser at Sogn og Fjordane har ein vekst frå 2013 til 2014 på 320 arbeidsplassar, alle i offentleg sektor.

– Vi skapar for få arbeidsplassar i privat sektor. Målet i verdiskapingsplanen er 500 nye arbeidsplassar i året. At veksten i offentleg i høve privat sektor er lågare enn i landet elles er bra, men løyser ikkje dei grunnleggande utfordringane våre, seier fylkesdirektør for næring Jan Heggheim.

Indikatorar tyder på forsiktig vekst i arbeidsplassar og folketal vidare.

Knut S. Vareide frå Telemarksforsking presenterte funna i Førde 3. februar i eit ope arrangement:

HAFS og Sunnfjord best

Telemarksforsking koplar svak arbeidsplassutvikling i næringslivet sidan 2008 med uheldig næringsstruktur og svak befolkningsvekst. Nedgangen er forsterka av arbeidsplassar i bransjar med nedgang eller stagnasjon. Regionane HAFS og Sunnfjord gjer det best, med vekst. Nordfjord og Sogn har tilbakegang.

– Arbeidsplassutviklinga i basisnæringane, primærnæringane, industri, IKT of tekniske tenester har gått meir tilbake i Sogn og Fjordane enn elles i landet. Det forklarer mykje av den manglande veksten i fylket, seier Heggheim.

God produktivitet

Sogn og Fjordane er samstundes sjette beste fylke på lønsemd i næringslivet. Fylket har høg verdiskaping per tilsett, grunna arbeidsplassar i bransjar med høg produktivitet. 

Framtidig utvikling og vekst i befolkning og arbeidsplassar vil vere avhengig av strukturell utvikling, men også fylket sin attraktivitet som bustad og næringsfylke, syner rapporten. Oljekrisa vil og kunne endre den strukturelle utviklinga dei neste åra.

For meir informasjon

Jan Heggheim
Fylkesdirektør for næring
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

Del dette:

Relaterte lenker