Fylkesrådmannen har tilsett Kristin Rundsveen som rådgjevar for fylkesordføraren
Fylkesrådmannen har tilsett Kristin Rundsveen som rådgjevar for fylkesordføraren

Fylkesrådmannen har tilsett Kristin Rundsveen som rådgjevar for fylkesordføraren

Ny rådgjevar

Fylkesrådmannen har tilsett Kristin Rundsveen (32) som rådgjevar for fylkesordføraren.

Kristin Rundsveen arbeider i dag som stabsoffiser i Forsvaret. Arbeidserfaringa si har ho frå Forsvaret gjennom ulike stillingar, der ho m.a. har arbeidd som adjutant. Kristin Rundsveen er utdanna ved Luftkrigsskulen, Høgskulen i Hedmark, Universitet i Stavanger og Høgskulen på Lillehammer. Ho avsluttar i desse dagar ein Master i Public Administration.

Noverande rådgjevar for fylkesordføraren – Ole-Mathias Nes – sluttar i stillinga 31. desember 2016. Kristin Rundsveen tek til i stillinga 1. februar 2017.

Det melde seg åtte søkjarar etter utlysing av stillinga som rådgjevar.

Fylkesordføraren bistod fylkesrådmannen i tilsettingsprosessen.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713