Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.
Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Ny organisering

Frå 1. april 2016 vil den administrative organiseringa i fylkeskommunen spegle den nye politiske organiseringa for valperioden 2015-19.

Sogn og Fjordane fylkeskommune si kulturavdeling er no slått saman med næringsavdelinga til nærings- og kulturavdelinga. Denne blir leia av tidlegare fylkesdirektør for næring Jan Heggheim, som blir fylkesdirektør for næring og kultur. Med seg har han Ingebjørg Erikstad og Endre Høgalmen som assisterande fylkesdirektørar for næring og kultur.

Endringa følgjer  den nye politiske organiseringa for valperioden 2015-19, vedtatt i fylkestinget 9. desember 2014, der m.a. hovudutval for kultur og hovudutval for næring vart slått saman til eit nytt hovudutval: hovudutval for næring og kultur.

Fylkeskommunen får også ein plansjef, som tek med seg mange av oppgåvene i den tidlegare plan- og samfunnsavdelinga. Svein Arne Skuggen Hoff, tidlegare fylkesdirektør for plan og samfunn, er plansjef. Sentrale ansvarsområde her er strategisk planlegging og samfunnsutvikling, som inneber samfunnsanalyse, statistikk, og regional planstrategi, samt planansvar for  tematiske eller geografisk avgrensa planar.

Målsetjinga med endringa er å sikre ein endringsdyktig, effektiv og fagleg sterk sentraladministrasjon. Å tilpasse den administrative organiseringa til den etablerte politiske modellen er eit tiltak for å oppnå det. 


Jan Heggheim har studert reiselivsøkonomi på Høgskulen i Sogndal. Den nye fylkesdirektøren har jobba med leiing og drift av hotell, som Alexandra i Loen og Radisson SAS Ulstein, internasjonal leiing av sal og marknadsføring i Dooria og Hagen, og som fylkesdirektør for næringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune sidan 2010. I tillegg har han hatt ei rekkje styreverv.

Ingebjørg Erikstad er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning i økonomi, samfunnsplanlegging og leiing. I tillegg har ho mastergrad i offentleg administrasjon. Erikstad har blant anna jobba som lærar, distriktssekretær for FN-sambandet i Rogaland, og vikariert som dagleg leiar for Førdefestivalen i to omgangar. Ho har vore tilsett i fylkeskommunen som konsulent, seksjonsleiar og assisterande fylkesdirektør. Ho har vore fylkesdirektør for kultur sidan 2004. Erikstad har også hatt ei rekkje styreverv.

Endre Høgalmen har si siviløkonom-utdanning frå NHH, og har elles høgskuleutdanning innan transport. Høgalmen har hatt ulike leiarstillingar i fylkeskommunen, og har variert erfaring innan leiing, utviklingsarbeid, forvaltning, økonomi- og personalarbeid. Han kjem frå stillinga som assisterande fylkesdirektør i næringsavdelinga. 

Svein Arne Skuggen Hoff har vore fylkesdirektør for plan og samfunn sidan 2010. Han er ingeniør og samfunnsplanleggjar av utdanning og kjem opphavleg frå Årdal. Hoff har tidlegare jobba sju år i Drangedal kommune innan plan, leiing og prosjektarbeid og har erfaring innan fagområda sine som tilsett i mellom anna Oslo, Asker og Drammen kommune. I tillegg har han arbeidd med prosjekt- og utviklingsarbeid for fire ulike departement.

 

Organisering, sentraladministrasjonen i Sogn og Fjordane fylkeskommune:

Orgkart16.jpg

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
Tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut