Ny fylkesdirektør for plan og samfunn

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tilsett Svein Arne Skuggen Hoff som fylkesdirektør for den nye avdeling for plan og samfunn. Han har dei siste tre åra vore assisterande fylkesdirektør for kultur.

Svein Arne Skuggen Hoff er 59 år gammal og er ingeniør og samfunnsplanleggjar av utdanning. Før han i 2007 flytte heim att til Sogn og Fjordane hadde han arbeidd sju år i Drangedal kommune i ulike funksjonar innan plan, leiing og prosjektarbeid. Han har i tillegg lang erfaring innan fagområda sine som tilsett i mellom anna Oslo, Asker og Drammen kommunar. I tillegg har han arbeidd med prosjekt- og utviklingsarbeid for fire ulike departement. Opphavleg er Hoff frå Årdal og han er son til den legendariske fotballeiaren Karsten Skuggen Hoff.

”Hovudoppgåva som eg og dei 14 medarbeidarane mine skal fylle blir å byggje gode samarbeidsliner innan planlegging og samfunnsarbeid,” seier den nye fylkesdirektøren for plan og samfunn.

Del dette:

Relaterte lenker

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette