Ny folkehelsekoordinator i Florø

- Eg har stor interesse for folkehelse, førebyggjande og helsefremmande helsearbeid. Spesielt er eg interessert i dette med kosthald og fysisk aktivitet, seier Elisabeth Aase Aven, som er nytilsett folkehelsekoordinator i Flora kommune.

Aven har utdanning som sjukepleiar, praksisrettleiar for høgskulestudentar og helsesyster. Ho har arbeidserfaring frå Førde sentralsjukehus, på ortopedisk avdeling, Florø sjukehus, på medisinsk avdeling, Sjukepleiehøgskulen i Førde, Flora Aldersheim og helsestasjonane i Flora og Førde.

Tok initiativ

- Eg fekk tilbod om ei 20 % stilling der eg skulle arbeide med Miljøretta helsevern. I det høve etterlyste eg Flora som folkehelsekommune, og kvifor vi ikkje hadde meldt oss på det. Vi tok kontakt med Emma Bjørnsen og fekk meldt oss på, fortel Elisabeth Aase Aven.

- Eg fekk jobben som folkehelsekoordinator, då denne passa saman med den Miljøretta helsevern stillinga mi. Så no har eg totalt ei 50% stilling i kommunen og har plassering på Rådhuset i Florø. Dei resterande 50% arbeider eg med å etablere mitt eige firma, der eg tilbyr private sjukepleietenester og livsstilsrettleiing, legg Aven til.

Aktiv

- Når det gjeld kosthald og fysisk aktivitet har eg erfaringar med arbeid innan dette feltet. Eg har vore prosjektleiar i 20% stilling i eitt år i prosjektet ”Et godt - trim flott”. Eg har også arbeidd med ei lita gruppe overvektige barn i Førde i vår, med bra resultat! Saman med ein annan er eg handballtrenar for 30 – 40 ti-elleve åringar og eg er sjølv aktiv handballspelar og har spelt aktivt i ca. 25 år, fortel Aven.

Ønskjer tips

- I Flora kommune er det stor aktivitet innan lag og organisasjonar. Vi er i etableringsfasen av eit Folkehelseråd, så kva område vi vil satse på får eg kome tilbake til. Eg håpar at eg som folkehelsekoordinator, vil få tips og idear på kva vi kan gjere i vår kommune, på koordinatorsamlingane. Eg ser fram til å kome i gang med arbeidet, avsluttar Elisabeth Aase Aven

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette