Nominer din kandidat til fylkeskulturprisen 2013

Kjenner du nokon som du meiner fortener ekstra merksemd for sin kulturinnsats? Sogn og Fjordane fylkeskommune kan kvart år dele ut ein kulturpris. No ynskjer vi framlegg til kandidatar.

Fylkeskulturprisen vert tildelt einskildpersonar, lag og organisasjonar i fylket. Kandidaten må ha vist ein vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege, ha talent eller vise kreativitet og evne til nyskaping.

Du kan sende inn ditt forslag til kandidatar, med grunngjeving, til:
Sogn og Fjordane fylkeskommune,
kulturavdelinga, postboks 173, 6801 Førde,
eller til postmottak.kultur@sfj.no

Frist for å nominere kandidatar er 1. november 2013.

Hovudutval for kultur har sidan 1980 delt ut fylkeskulturprisen. Føremålet med prisen er å hjelpe fram kulturarbeidet i Sogn og Fjordane og å vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeid med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Storleiken på kulturprisen vert fastsett av hovudutvalet innanfor ramma av kvart årsbudsjett. I tillegg til ein sjekk på den vedtekne summen, mottek kulturprismottakaren eit diplom. Tildelinga av fylkeskulturprisen vert offentleggjort når hovudutval for kultur har gjort vedtaket sitt. Utdelinga skjer i samband med fylkestingsamling kvart år.

Meir om fylkeskulturprisen og tidlegare tildelingar

For meir informasjon

Jarlaug Lauritsen
rådgjevar
e-post: jarlaug.lauritsen@sfj.no
tlf.: 97 17 83 76

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00