Skermdump frå nettstaden norge.no og val av digital postkasse
Skermdump frå nettstaden norge.no og val av digital postkasse

No får du digital post

Som mange andre offentlege verksemder sender Sogn og Fjordane fylkeskommune no post til di digitale postkasse.

Ein stad for digital post frå det offentlege

Statlege etatar er pålagt å sende post digitalt frå 2016. Skaffar du deg digital postkasse hos Digipost eller e-Boks vil du sjå at stadig fleire offentlege verksemder vil sende post der. Du treng berre ei felles digital postkasse frå det offentlege. Opprettar du ikkje digital postkasse vil du likevel kunne motta post via Altinn (dersom du ikkje har reservert deg for mottak av elektronisk post). Du får og posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen, posten blir lagra på ein stad og vi sparar miljøet.

Vel digital postkasse på norge.no

Du kan velje mellom to postkassar – Digipost eller e-Boks. På same måte som du kan velje mellom ulike bankar og forsikringsselskap skal du enkelt kunne velje den postkassa som passar best for deg. Når du mottar digital post frå Sogn og Fjordane fylkeskommune vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du alltid når det kjem post.

Meir informasjon om korleis du får deg digital postkasse hos e-Boks eller Digipost.

Ditt trygge arkiv

Vanleg e-post er ikkje ein sikker måte å sende meldingar på. Skal du kunne ta i mot brev digitalt frå det offentlege på ein sikker måte, må du ha ei digital postkasse. Du brukar ID-porten til innlogging for å lese posten din. Breva kan lagrast der så lenge du ønskjer det.

Kva skjer om du ikkje får deg digital postkasse?

Frå Sogn og Fjordane fylkeskommune vil du få dokumenta via Altinn om du ikkje har digital postkasse.

Du kan også reservere deg mot kommunikasjon på nett. Du vil då framleis få viktig post frå det offentlege på papir: http://www.norge.no/reservasjon

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut