Plansjef Synnøve Stalheim saman med Truls-Einar Johnsen, som er prosjektleiar for Klimapartnarar i Sogn og Fjordane.
Plansjef Synnøve Stalheim saman med Truls-Einar Johnsen, som er prosjektleiar for Klimapartnarar i Sogn og Fjordane.

Plansjef Synnøve Stalheim saman med Truls-Einar Johnsen, som er prosjektleiar for Klimapartnarar i Sogn og Fjordane.

No blir det Klimapartnarar også i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått klimasatsmidlar og kan endeleg etablere klimanettverket Klimapartnarar også her i fylket. Truls-Einar Johnsen tek til som prosjektleiar denne veka.

Klimapartnarar er eit offentleg-privat nettverk for systematisk klimaarbeid, som blei starta i 2009. Klimapartnarar-nettverka vekst raskt og er no det viktigaste partnarskapet for grøn næringsutvikling i landet. I dag er Klimapartnarar til stades i ni regionar og vil truleg vere på plass i så godt som heile landet før sommaren 2020.

Framtidsretta verksemder

Den nye prosjektleiaren i Sogn og Fjordane trur fylket har potensial til å vere ein sterk aktør i det grøne skiftet, og at Klimapartner-nettverket vil bidra positivt.

– Vi har mange gode, dyktige og framtidsretta verksemder i Sogn og Fjordane. Eg gler meg veldig til å arbeide med dei som ynskjer å stå i fronten av den grøne omstillinga og næringsutviklinga vi har framfor oss. Dei vert ei viktig kjelde for inspirasjon og kunnskap til resten av regionen, seier Truls-Einar Johnsen, som kjem til å ha kontorstad i Florø.

Det er Miljødirektoratet som løyver klimasatsmidlane, og Sogn og Fjordane har fått 250 000 kr i 2019.

Mål om nullutslepp innan 2030

Klimapartnarar-nettverka inkluderer til saman nærare 200 verksemder som representerer over 100 000 arbeidstakarar og 80 000 studentar over heile landet. Satsinga i Sogn og Fjordane no vert viktig for å nå målsetjinga om at Vestland skal vere eit nullutsleppsfylke innan 2030 og for å styrke satsinga på grøn næring i regionen. 

– Klimapartnarar er ein perfekt arena for å utvikle eit endå grønare næringsliv. Vi har fleire spanande prosjekt og tiltak på gang blant verksemdene i Sogn og Fjordane, og Klimapartnarar er ei strålande moglegheit for samhandling, kommunikasjon og utvikling på tvers av ulike bransjar og sektorar. Det er gjennom samarbeid vi finn løysingar for framtida, meiner Johnsen.

Nødvendig med samarbeid

Klimapartnarar Hordaland vart etablert i 2014 og har no endra namn til Klimapartnarar Vestland, som også inkluderer Sogn og Fjordane. Truls-Einar Johnsen får ansvar for det geografiske området Sogn og Fjordane, og saman med Helene Frihammer i Hordaland skal han rigge nettverket best mogleg i det nye fylket.

Plansjef i Sogn og Fjordane, Synnøve Stalheim, ser fram til å sjå resultat av arbeidet med å utvikle eit endå grønare næringsliv i Vestland.

– For å lukkast med ei klimaomstilling av samfunnet er det heilt nødvendig at vi jobbar saman og deler erfaringar og idear på tvers av bransjar, sektorar og ikkje minst fagområde. Gjennom Klimapartnar-nettverket kan vi jobbe målretta og komme opp med framtidsretta løysingar saman, seier ho.

Vil verksemda di bli med?

Om verksemda di vil vere med å i Klimapartnar-nettverket og gjere ein forskjell, ta gjerne kontakt med ein av desse for ein prat:

Truls-Einar Johnsen, prosjektleiar, truls-einar.strand.johnsen@sfj.no
Ida-Beate Mølmesdal, klimakoordinator i Sogn og Fjordane fylkeskommune, ida-beate.molmesdal@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette