Nils R. ønskte nytilsette velkomne til fylkeskommunen

– De er på veg inn i denne organisasjonen, og eg er på veg ut, men det er veldig kjekt å ønskje dykk velkomne til ein spennande arbeidsplass. Eg har vore her i 12 år, og det har vore ei oppleving kvar einaste dag, sa Nils R. Sandal på introduksjonssamlinga for nytilsette i fylkeskommunen 4. oktober.

Rundt 40 tilsette møtte opp på introduksjonssamlinga på Fylkeshuset i Leikanger. Blant dei var tilsette ved fleire av dei vidaregåande skulane, i tannhelsetenesta og i ulike avdelingar i sentraladministrasjonen, og det var Nils R. som opna ballet.

– Eg heiter altså Nils R. Sandal, men føretrekk å bli kalla Nils R., og det gjer dei aller fleste, opna fylkesordføraren, som om tre veker leverer fylkesordførarkjeda vidare til Åshild Kjelsnes.

Fylkeskommunen betyr mykje for mange

Han heldt fram med å snakke om den politiske delen av fylkeskommunen og trekte fram det å vere samarbeidspartnar som den viktigaste oppgåva.

– Vi er forvaltingsnivået mellom kommune og stat. Vi samarbeider med staten, og vi samarbeider med enkeltpersonar og organisasjonar her i fylket. Når ein byrjar å sjå etter, så betyr fylkeskommunen mykje for mange, og visjonen til fylkeskommunen har vore, og er framleis, livskvalitet og nyskaping, slo Nils R. fast.

Introduksjonssamlinga for nytilsette har tidlegare gått over to dagar og vorte arrangert ein gong i året. Denne gongen var det lagt opp til ein dag med program, og målet er heller å ha ei slik samling to gonger i året. Føremålet med samlinga er å gje dei nytilsette eit oversyn over både arbeidsfeltet og samfunnsrolla til fylkeskommunen.

Administrasjonen skal byggje dansegolvet

Fylkesordføraren gav ordet vidare til fylkesrådmann Jan Øhlckers, som tok føre seg den administrative sida av fylkeskommunen. Han starta med å gje ei kort innføring i særprega til Sogn og Fjordane – om styrkar, ulemper og utfordringar, og han gjekk så over til fylkeskommunen som arbeidsplass.

– Vi er den største kompetanseverksemda i fylket, og vi har ei utruleg breidd når det gjeld kva kompetanse som finst i organisasjonen. Vi skal dekkje alt som er viktig i fylket, sa Øhlckers.

Fylkesrådmannen slo vidare fast at administrasjonen ikkje skal danse, men byggje dansegolvet for politikarane, slik at dei kan danse.

Introduksjonssamlinga heldt fram med presentasjon av dei ulike avdelingane og tenestene i fylkeskommunen, og i pausane var det også høve til å slå av ein prat med både fylkeshovudverneombodet og fylkeshovudtillitsvalde.

Del dette:

Relaterte lenker