Netto driftsresultat og overskot for Sogn og Fjordane fylkeskommune

Presiseringane tek utgangspunkt i tabellen under, som viser ei samanstilling av rekneskapen til fylkeskommunen i perioden 2010–2013.

overskot (rekneskapsmessig mindreforbruk) i SFFK i perioden 2010-2013

Forklaringar til tabellen

Sum driftsinntekter inneheld alle driftsinntektene våre. Det inkluderer i tillegg til rammetilskot frå staten og skatteinntekter, også inntekter frå blant anna konsesjonskraft. Momskompensasjonen knytt til investeringsutgifter er òg ført her.

Sum driftsutgifter inkluderer alle utgifter knytte til drift av tenestene våre.

Sum finanspostar består av mellom anna renteutgifter og avdrag på lånegjelda vår og renteinntekter.

Netto driftsresultat er summen av driftsinntektene minus driftsutgifter og finanspostar. Beløpet som då står att, skal dekke:

  • Overføring til investeringsrekneskapen inneheld overføring av midlar som vert førte som driftsinntekter i rekneskapen, men som skal nyttast til finansiering i investeringsrekneskapen.

    Overføring til investeringsrekneskapen består av to komponentar: Driftsmidlar og momskompensasjon knytt til investering. Driftsmidlane er inntekter fylkeskommunen får gjennom rammetilskotet for å gjennomføre byggeprosjekt på fylkesvegane. Momskompensasjonen knytt til investeringar på fylkesvegane og bygga våre, er førte som driftsinntekter. Kompensasjonen er ein del av finansieringa av investeringsprosjekta og vert dermed overførte til investeringsrekneskapen saman med driftsmidlane.

    Då fylkeskommunen i 2010 fekk ansvar for ein stor del av riksvegnettet, fekk vi òg ansvar for å gjennomføre utbygging av Dalsfjordsambandet og Bremangersambandet. Dei ekstra midlane knytt til desse store investeringane, gjer at netto driftsresultat i perioden har lege relativt høgt.
  • Netto fondsavsettingar er i hovudsak knytt til forskyving i gjennomføringa av tiltak frå eitt år til neste. Dette kan til dømes vere forskyving av vedlikehaldet på fylkesveg ved at det ikkje vert gjennomført asfaltering som planlagd.

    For 2010 hadde vi ei stor nettoavsetting. 126 mill. kr av dette var knytt til overtakinga av fylkesvegansvaret og avsetting av løyving til dei store vegprosjekta. Dette er igjen tidsforskyvingar, og midlane har vore brukte i åra etter til å bygge ut Dalsfjordsambandet og Bremangersambandet.

Det beløpet som då står att - etter overføringar til investeringsrekneskapen og avsettingar - vert overskotet (det rekneskapsmessige meir- eller mindreforbruket) til fylkeskommunen. Overskotet til fylkeskommunen har variert i storleiken 27–51 mill. kr i perioden 2010–2013. Fylkesrådmannen meiner dette er eit resultat av nøktern budsjettering og god budsjettkontroll.

Fylkesrådmannen meiner difor at rekneskapsreglane i kommunerekneskapen gjer at netto driftsresultat ikkje er eit godt eit mål på korleis den økonomiske stoda i fylkeskommunen er.

For meir informasjon

Bjørn Birger Bremer
assisterande fylkesrådmann
tlf.: 970 35 419
e-post: bjorn.birger.bremer@sfj.no

Eli Nes Killingrød
økonomisjef
tlf.: 917 10 788
e-post: eli.nes.killingrod@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut