Bilete som syner ein elev eller lærling som skrur ledningar medan han ser i kameraet og smiler. Foto: WorldSkills Norway
Bilete som syner ein elev eller lærling som skrur ledningar medan han ser i kameraet og smiler. Foto: WorldSkills Norway

TIP (teknikk og industriell produksjon) er eitt av fagområda som er tema for årets næringsreise. Foto: WorldSkills Norway

Næringsreise 2015

Årets næringsreise går til ulike stadar i Sunnfjord og HAFS og har fagområda til TIP og service og samferdsle som tema. Reisa går over to dagar – 15. og 16. september.

Målgrupper for næringsreisa er blant andre rådgjevarar i både grunnskule og vidaregåande skule, tilsette i Nav og arbeidslivskontaktar. Reisa gjev ein gjennomgang av fagområda TIP (teknikk og industriell produksjon) og service og samferdsle, og viser kva jobbmoglegheiter desse utdanningane gjev.

Programmet inkluderer blant anna orienteringar frå fire bedrifter i Concordbygget i Førde, besøk hjå Trappeprodusenten i Askvoll og hjå Havyard i Leirvik. Reisa vert avslutta hjå Nistad transport i Sande. Overnattinga vert på Askvoll Fjordhotell.

Næringsreisa er eit samarbeid mellom den fylkeskommunale rådgjevingstenesta Karriere Sogn og Fjordane og opplæringskontora for service- og samferdsle og for TIP.

Påmeldingsfristen er 7. september.

Fullstendig program og påmelding finn du her.

For meir informasjon

Siv Kristin Flekke
415 30 715
siv.kristin.flekke@sfj.no

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00