Næringsdagane 2015 – Innovasjon i privat og offentleg sektor

Næringsbarometeret, NHO-konferansen, IT-forumkonferansen og næringskonferansen til Høgskulen i Sogn og Fjordane er i år slått saman til Næringsdagane 2015. Den nye konferansen ser dagens lys på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 20. og 21. mai.

Ambisjonen med Næringsdagane er å skape ein slagkraftig konferanse, der dei som ønskjer det kan velje delar av programmet. 2015 vert eit prøveår for å samle erfaring.

Det overordna temaet for Næringsdagane 2015 er innovasjon i privat og offentleg sektor. Det er lagt opp til ein tjuvstart med diverse møte og næringspub 19. mai, dagen før det eigentleg brakar laus.

Administrerande direktør Idar Kreutzer i Finans Norge opnar sjølve konferansen onsdag 20. mai, og Frank Aarebrot avsluttar han ein og ein halv dag seinare. Mellom dei to er det lagt opp til eit tettpakka program med noko for ein kvar smak. Blant tema og føredragshaldarar kan vi nemne velferdsteknologi, breiband, flyplasstruktur, Bård Hoksrud og Victor Norman.

Program for Næringsdagane 2015

Påmelding og prisar (frist 15. mai)

Næringsdagane 2015 på Facebook

Næringsdagane 2015 vert arrangert av

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • NHO Sogn og Fjordane
  • Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Sparebanken Vest
  • Kunnskapsparken Sogn og Fjordane
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Nav Sogn og Fjordane
  • Innovasjon Norge

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00