Nær 8,8 millionar kroner til omstilling i Askvoll, Hyllestad og Lærdal i 2014

Dei tre kommunane hadde og omstillingsstatus i 2013. Denne vart no forlenga til 2014. Det vedtok hovudutvalet for plan og næring i møte 5. februar

Askvoll kommune går i 2014 inn i sitt fjerde omstillingsår. Hyllestad kommune har hatt omstillingsstatus i fire år, og får no denne forlenga med ytterlegare to år. 2015 vert det siste året i eit omstillingsløp på totalt seks år. Lærdal kommune har hatt omstillingsstatus i to år, og fekk no omstillingsstatus for ytterlegare to år.

Utfordring å vere utkantkommune

Askvoll har dei same utfordringane som andre utkantskommunar med omstillingsstatus. Utfordringa er knytt til negativ utvikling i folketal, tap av arbeidsplassar og arbeidsløyse i lengre tid.

Målsettinga for omstillingsarbeidet i åra 2013 - 2016 er at utviklingsarbeidet i Askvoll kommune skal bidra til etablering av 30 nye arbeidsplassar og tilflytting av 60 personar.

Lite privat næringsliv

Hyllestad kommune har nedgong i folketal, men auke i sysselsettinga og nedgang i tal heilt arbeidsledige.

Hyllestad sin store utfordring er at Havyard Leirvik AS står for hovuddelen av den private sysselsetjinga, og kommunen har for få andre bedrifter utanom hjørnesteinsbedrifta. Sjølv om verftet er inne i ein god periode så er hovudutfordringa for kommunen like stor.

Hyllestad har to satsingsområde i 2014: «Meir robust næringsstruktur» og «Attraktiv kommune». Målet for området « Meir robust næringsstruktur» er minst 10 nyregistrerte bedrifter der 4 av desse har meir enn 5 tilsette. For området «Attraktiv kommune» er målet 15 fødslar, 0 i nettoutvikling i innbyggjartal totalt og 0 i nettoutvikling i aldersgruppa 20-29 år.

Nedlegging, struktureringar og rasjonaliseringar

Lærdal kommune i samarbeid med Årdal kommune har begge nedgong i folketal og ein reduksjon i sysselsettinga i 2013. Lærdal har auke i arbeidsløysa, medan Årdal har færre arbeidslause.

Utfordringane i Lærdal kommune er tapet av fleire attraktive arbeidsplassar siste tida. Opplysningen 1881 er avvikla og Lærdal sjukehus har utfordringar i forhold til strukturendringar i sjukehussektoren. Nabokommunen Årdal har også utfordringar i samband med at Dooria AS vart avvikla og stadige rasjonaliseringar i Hydro.

I 2014 vil Lærdal etablere arbeidsplassar, få fleire tilflyttarar og fleire betalande gjester til kommunen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut