Kvinne i folkemengde smilar
Kvinne i folkemengde smilar

Foto: David Zadig

Musikk i eldreomsorga

Fylkeskommunen, høgskulen og Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste i Sogn og Fjordane inviterer til konferansen «Når orda sluttar», om musikk og musikkterapi i eldreomsorga. Målet er å motivere kommunane til å tenkje tverrfagleg i eldreomsorga, samt å heve musikkkompetansen blant helsepersonell.

Det skal ikkje vere avhengig av kvar du bur i landet om du det er god eldreomsorg. Vi må utfordre kvarandre til å tenkje nytt, annleis og kreativt, seier Marta Strandos, leiar i Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste i Sogn og Fjordane.

Ein veit frå forsking og erfaring at musikken er noko av det siste vi mistar og noko som kan hjelpe med å nå inn til menneske. Det er ingen sjukdom å vere gamal. Difor er det viktig at eldreomsorga ikkje har eit einsidig fokus på det sjuke men og det friske hjå mennesket. Musikk er ikkje berre tidsfordriv men og ein helseressurs.

Vi treng musikkterapeutar i kommunane for å møte morgondagens utfordringar i eldreomsorga, seier Jorunn Bakke Nydal i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Konferansen er delt i to:

  1. Musikkbasert miljøbehandling med innføring i nytt nasjonalt opplæringsprogram for kommunane.

  2. Musikkterapeut – ein ressurs for eldreomsorga.

 

For meir informasjon om programmet og innleiarane, følg påmeldingslenka under.

  • Kvar: Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane avd. Førde, Vie

  • Når: 22. september, kl. 09.30–16.00

  • Pris: kr. 300,- inkl. konferanseavgift og mat

Påmelding og program 

Kontaktperson

Jorunn Bakke Nydal
913 44 734
Jorunn.Bakke.Nydal@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00